Hopp til innhold

Tiggarcamp er blitt suksess

Politiet meiner at den omstridde tiggarcampen i Porsgrunn har vore ein suksess.

Overnattingssted for romfolket

Politiet er fornøgd med tiggarcampen i Porsgrunn.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Tidlegare fekk politiet stadig vekk klager knytt til tiggarane, men no er situasjonen ein heilt annen.

– Dei ryddar opp etter seg, og er ansvarleg for å halde både orden og ro der ute, seier politistasjonssjef i Grenland, Annie Sandersen.

Gode erfaringar

Annie Sandersen

Politistasjonssjef i grenland, Annie Sandersen.

Foto: Jonas Rydén / NRK

Politiet meiner nå at tiggercampen i Porsgrunn fungerer som den skal. Før fekk politiet ofte inn klager på tiggarar, som oppheldt seg på stader, der dei ikkje var velkomne.

Sandersen seier at klagene stoppa heilt opp då tiggarane fekk sin eigen stad.

– Vi har gode erfaringar med tiggarcampen, og vi har ikkje fått klager etter at den såkalla tiggarcampen blei oppretta på Lillegården, seier Sandersen.

– Har det kome fleire tiggarar til Grenland etterpå?

– Nei. Det har det heller ikkje gjort. Talet på tiggarar er stabilt, seier Sandersen.

Enkle forhold

Geir Arild Tønnesen

Varaordførar i Skien, Geir Arild Tønnesen.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Den omstridde tiggercampen blei opna i haust, med svært enkle fasilitetar for tiggarane. Geir Arild Tønnesen har leia arbeidet, og seier oppslutninga har vore omtrent som venta.

– Det har vore mellom ti og femten personar i snitt på tiggarcampen.

Han seier tiggarane brukar staden med dei enkle forholda som er der, og det har heller ikkje vore meininga at det skulle vere annleis.

– Korleis blir det utover vinteren?

– Mange av dei reiste heim i jule- og nyttårshøgtida, og eg reknar med at det blir slik i år også, seier Tønnesen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark