Hopp til innhold

Tiggarane er tilbake i Grenland

PORSGRUNN (NRK): Nå blir det etterlyst ei campingvogn til å bu i. Politiet seier at det var få problem med tiggarane i fjor.

To brødre frå Romania

Dei to brørne frå Romania har koner og til saman sju ungar heime i Romania.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Våren er i anmarsj, og med den kjem tiggarane til Grenland. Og det er etter kvart de same som kjem.

Tiggarcampen på Lanner utanfor Porsgrunn er nedlagt, og nå etterlyser Bjørn Erik Kristiansen ei campingvogn med straum.

Les også: Tigging provoserer ikkje lenger

Bjørn Erik Kristiansen hjelper ein av familiane som har kome til Grenland i fleire år.

– No har dei vore her i to netter. Då dei kom på laurdag var det kaldt. Dei har ingen stad å bu, dei bur i bilen dei har med seg, seier Kristiansen.

Bjørn Erik Kristiansen med tigger i Porsgrunn

Bjørn Erik Kristiansen vil hjelpe tiggarane med ein plass å bu, og håpar dei blir møtt med respekt.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Håpar på ei campingvogn

Dei to brørne frå Romania har koner og til saman sju ungar heime i Romania. Der er det vanskeleg å få jobb, så dei dreg til Noreg for å vera i stand til å forsørgje familiane sine.

I varebilen har dei bygd senger. Viss dei ikkje finn alternativ, skal fem personar overnatte i bilen.

– Det eg håpar på er at dei skal få ei campingvogn dei kan bu i. Tidlegare har nokon gitt ei campingvogn til tiggarane. Neste utfordring blir å finne ein stad der den kan bli parkert, og det er tilgang til straum, seier Kristiansen.

Romania har fått ny president, og dei to brørne har håp om at det kanskje kan føre til noko positivt for heimlandet.

Les også: Tigger for vise avsky mot regjeringen

Politiet følgjer med

Politistasjonssjef i Grenland Tore Monstad Halvorsen seier at politiet følgjer med på tiggarane, men har ingen planer om å gjere noko førebels.

Tore Monstad Halvorsen

Politistasjonssjef i Grenland Tore Monstad Halvorsen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det er den enkelte kommune som har ansvaret for å registrere og følgje vedtektene sine, seier Monstad Halvorsen.

Han viser til at Porsgrunn kommune har innført registreringsplikt, og då må tiggarane melde seg for å bli registrert hos politiet.

– I fjor var ikkje det noko stort problem. Det var få som registrerte seg. Og vi opplevde ikkje eit veldig stort tiggarproblem i Grenland i fjor, seier Monstad Halvorsen.

Han fortel at politiet følgjer med. Men det er ikkje forbode å tigge.

– Men viss det er aggressiv tigging så vil vi ta tak i det, seier Halvorsen.

Bjørn Erik Kristiansen har eit ønskje om at romarar skal bli møtt med respekt når folk møter dei på gata.

Les også: Tiggerleiren er stengt