Hopp til innhold

No er dei her! Deilige og dyre!

BRUNLANES(NRK): Våren er sein i år, men no er dei her. Juno heiter denne sorten, og det er altså snakk om tidlegpotet. I Vestfold er dei i full gang med innhausting.

I Brunlanes haustar dei norske nypoteter. Det er ei veke seinare enn i fjor. Årsaka er ein kald mai månad.

I Brunlanes er dei alltid tidleg ute

Klokka har så vidt passert seks om morgonen, det er stille og fredeleg. Morgonsola bryt gjennom skydekket, det teiknar til å bli ein vakker og varm dag. Mange søv enno, men på åkeren til Per Amundrød er både folk og traktor i full gang. Amundrød har fire forskjellige sortar med tidlegpotet.

Potet- og gressløksalat - NRK Mat - Oppskrifter og inspirasjon

Per Amundrød

Per Amundrød rår folk til å kose seg med ferske nypoteter. Ei delikatesse, meiner bonden sjølv.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Brunlanes tidleg

Grønsakbøndane på Vestfoldkysten er alltid tidleg ute, men innhaustinga denne våren startar ei veke seinare enn i fjor.

– Det starta veldig bra, men så blei mai så kald, seier grønsaksbonde Per Amundrød.

Han meiner dei også er i gang med innhausting i Redalen ved Grimstad, men trur ikkje bøndene på Vestlandet haustar tidlegpotet enno.

Potetopptaking

Travelt i sesongen, tidlegpotetene skal ut i butikkane.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Norsk nypotet i butikken

I løpet av morgontimane hausta Amundrød og arbeidsfolka rundt åtte tonn nypoteter. Potetene blei deretter vaska, og køyrt ut til butikkane.

Norske nypoteter er eksklusive og kostbare. Amundrød reknar med at dei nok kan koste opp mot tretti kroner for kiloen i butikken, kanskje meir.

– Men det er det verdt, seier potetentusiasten med eit smil. Han meiner norske nypoteter, skinke, eggerøre og ein dash rømme er eit gourmetmåltid. Og om fjorten dagar kjem dei norske gulrøtene. Folk kan glede seg, meiner grønsaksbonden som har ei hektisk tid framfor seg.

Traktor med potetopptakar

Tørre åkrar gjer det greit for dei store maskinene å koma utpå. Held veret seg, blir det gode poteter å få.

Foto: Anne Lognvik / NRK