Hopp til innhold

Tre menn tatt for ran i Porsgrunn

Tre menn er arrestert av politiet etter ran i Storgata i Porsgrunn natt til mandag.

Ingrid Wiik, politiadvokat

Politiadvokat Ingrid Wiik ved Politiet i Telemark seier at politiet vil avhøyre dei sikta og vitne i saka.

Foto: Roald Marker / NRK

Politiet fekk melding om ein valdsepisode i eit husvære i Storgata i Porsgrunn kl. 00.57 natt til måndag der to fornærma og tre gjerningspersonar var involvert. Politiet kom fram til staden om lag tre minuttar seinare.

– Dei ein av dei var såpass skada at han blei frakta til sjukehus, seier vakthavande jurist Ingrid Wiik ved Politiet i Telemark.

Wiik opplyser at det går bra med den skadde som ligg på sjukehus, men opplyser at han blir liggande til observasjon på sjukehuset i natt. Han er no utskriven frå sjukehuset.

– Det går bra med begge dei to mennene som er fornærma i saka, seier Wiik.

Den eine mannen er født i 1995 og den andre i 1996.

– Politiet fekk inntrykk av at det hadde skjedd eit ran på staden. Både leilegheita og dei fornærma bar preg av det. Dei fornærma er påført skadar i andletet og på kroppen. Det var skadar i form av blod, kutt og blåmerke, seier Wiik.

Dei fornærma har også opplyst til politiet at det blei brukt våpen, men Wiik vil ikkje gå nærare inn på kva for våpen som er brukt.

– Det er fordi dei sikta ikkje er ferdig avhøyrt.

Tre menn er arrestert

Etterforskinga i dag førte til at tre menn blei arrestert måndag ettermiddag. Dei blei sett i varetekt hos politiet.

– Dei bli avhøyrt i løpet av kvelden, seier Wiik.

To av mennene er født i 1996, og ein av dei i 1995.

Politiet har gjennomført ei rekkje avhøyr av vitne i saka, men det er framleis igjen vitne som skal avhøyrast.

– Førebels har vi ikkje fått full oversikt over det som er skjedd, seier Wiik.

Wiik vil førebels ikkje fortelje om kva som blei stole i husværet. Dei tre mennene skal ikkje vere kjenningar av politiet.

Politiet vil ta stilling til om dei tre mennene blir framstilt for varetektsfengsling i morgon tysdag.

Storgata i Porgrunn