Hopp til innhold

Takka Audun Svartdal for Tour de ski-suksess

Etter sigeren i Tour de ski var det særleg to personar Martin Johnsrud ville takke. Det var bror sin og Audun Svartdal frå Seljord.

Johnsrud Sundby

Martin Johnsrud Sundby kunne juble etter å ha vunne Tour de ski som første nordmann. Etterpå takka han Audun Svartdal for hjelpa.

Audun Svartdal har hjelpt Johnsrud Sundby over fleire år til å bli betre på sprintdistansane på ski.

– Det er moro å sjå når ein gut som har jobba så hardt og målbevisst lukkast med det han trenar på, seier Audun Svartdal til NRK.

Audun Svartdal

Audun Svartdal frå Seljord.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Han seier det moro at Martin Johnsrud Sundby set pris på samarbeidet. Audun Svartdal har tidlegare vore trenar for det norske landslaget i skiskyting, og har vore tilknytt Olympiatoppen.

Det er særleg på dei to sprintdistansane i Tour de ski at Martin Johnsrud imponerte Svartdal med å kome seg til finale og på pallen to dagar på rad.

– Det var veldig gledeleg, for han har jobba hardt med å bli raskare, få høgare maksfart og betre avslutningar. Og då er det imponerande at han lukkast med det i ein så stor konkurranse som Tour de ski, seier Svartdal.

Trena på rulleskimølle

Kontakten med Audun Svartdal er eit supplement til den daglege treninga til Martin Johnsrud Sundby driv i lag med landslaget.

– Han kontaktar meg, og eg jobbar berre med Martin når han er heime mellom samlingar og renn, seier Svartdal.

Dei fleste av treningsøktene skjer på rulleskimølla på Olympiatoppen som Audun Svartdal har hatt ansvaret for i fleire år, og han har difor stadig lov til å låne rulleskimølla med ein utøvar som har olympiatoppstipend.

Martin Johnsrud Sundby har trent grunnføresetnader for å få til friteknikken på Olympiatroppen med Audun Svartdal og Morten Bråthen.

Handlar om styrke og teknikk

– Det handlar om motorikk, styrke og om å få tak i dei rett muskelgruppene til rett tid og på rett måte, seier Svartdal.

Dette blir vidareført på rulleskimølla og ute i det fri på ski med tilbakemeldingar og drøftingar om utviklinga av teknikken.

Svartdal fortel at Johnsrud Sundby tok til å trene bevisst på skøyteteknikken for to-tre år sidan.

– Og etter VM i Holmenkollen har han verkeleg bestemt seg for å gjere det som er nødvendig for å utvikle teknikken i båe stilartar.