Hopp til innhold

If: – Galskap med sumardekk på vinterføret

I Noreg kan ein lovleg køyre med sumardekk om vinteren. Men det har vore ei auke i talet på ulukker som skjer med bilar som har sumardekk dei siste åra.

Speilglatt på veien på Stord

SPEILBLANK: Vegane på Austlandet har vore speilblanke i dag.

Foto: Marte Rommetveit

Ferske tal frå forsikringsselskapet If, syner at det er ei auke i talet på uhell med sommardekk om vinteren.

Jon Berge

JON BERGE: Han seier for mange tar sjansar ute på vegen.

Foto: IF Skadeforsikring/Kilian Munch

Av ulukkene som If registrerte for i fjor hadde 15,2 av bilane på landsbasis sumardekk på bilen. Det er ai auke på 3,4 prosentpoeng frå året før.

– Feil dekk på bilen er ein rullande ulukke som ventar på å skje, seier Jon Berge, informasjonsdirektør i If.

Rullar gjennom vinteren på sumardekk

If merkar når den fyrste snøen kjem. Dei opplyser at det i overgangen mellom haust og vinter at dei fleste bilane er feilskodde.

– Diverre ser me at einskilde nyttar sumardekk gjennom heile vinteren i kystområde. Der er det normalt lite snø, seier Jon Berge.

Vidare fortel han at dei dagane snøen kjem brått, eller det er underkjølt vegbane tek mange nokre farlege sjansar.

Dekk som er godkjent og ikke godkjent

PIGGDEKK: Det er ikkje påbode med vinterdekk om vinteren.

Foto: Anette Torjusen / NRK

Jamvel om ein kan køyre med sumardekk om vinteren står det i Vegtrafikklovens paragraf 36 at køyretøy skal vere skodd etter føret, og at om naudsynt skal ein nytte vinterdekk med eller utan piggar, kjetting eller liknande.

– Mange dryger for lenge med å skifte dekka, og tek med det ein kalkulert risiko, seier Jon Berge. Mildt kystklima og bare hovudvegar med salting gjer nok at ein del gambler på sumardekk, seier Jon Berge

Aldri so høge tal i Telemark

I Telemark har ein ikkje sett so høge tal på ulukker for bilar med sumardekk. Sidan vinteren 2012–2013 har ein sette ei auke på 1,4 prosentpoeng og i 13,5 prosent av ulukkene har bilen sumardekk.

– Det er galskap å bruke sumardekk om vinteren, seier Berge.

Tendensen er ein annan for vinterdekk, der ser ein nedgang i talet på ulukker. Ein har dei siste sju vintrane hatt ein nedgang på høvesvis 1,1 prosentpoeng for vinterdekk med piggar, og 0,4 prosentpoeng for vinterdekk utan piggar.

Aleine i norden

I nabolanda våre kan ein ikkje køyre med sumardekk heile året. I Sverige og Finland er det påbode å nytte vinterdekk om vinteren.

If meiner at ein treng eit påbod om vinterdekk. Det vil spare menneskeliv og samfunnet for store kostnader i samband med ulukker.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark