Hopp til innhold

Store skilnadar i transportordning for blinde

BØ/SOGNDAL (NRK): I Telemark får blinde og svaksynte 4000 kroner i året i støtte til transport. I Sogn og Fjordane finst det 48.000 kroner til same formål – i Trøndelag opptil 140.000.

Alfred Brusegard og drosjesjåfør Edvin Yttri

HAR FÅTT MEIR FRIDOM: – Det er nesten som å ha eigen bil! seier svaksynte Alfred Brusegard når han blir henta av drosjesjåfør Edvin Yttri.

Foto: Elise Kvien / NRK

– Dette er blitt ei kjempeflott ordning som gjer kvardagen min mykje betre, seier svaksynte Alfred Brusegard om transportstøtta han får.

Sidan han bur i Sogn og Fjordane, får han 48.000 kroner kvart år som han kan disponere til transport som han vil.

– Eg kjem meg meir ut, eg kan besøke andre og eg kan delta på møteverksemd, seier Brusegard.

Eigentleg er det fylkeskommunen som finansierer TT-ordninga, men åtte fylke har blitt med i ei utvida ordning som staten finansierer. Kontrastane er difor store mellom dei fylka som er med i ordninga og ikkje.

Får dårleg samvit av å spørja venner om skyss

– Eg er aldri i Porsgrunn eller Skien på eiga hand. Da brukar eg opp eit halvårsbudsjett på éin tur.

Jostein Bakkåker Fosse bur i Bø i Telemark. Han er lommekjend i gatene i Bø og går til jobb kvar dag. Men når han skal ut på lengre turar treng han hjelp. Dei 4000 kronene har får i transportstøtte i året rekker ikkje langt.

– Eg føler meg lite sjølvstendig når eg må be familie eller venner om å køyre meg. Eg set stor pris på det, men det er ikkje ålreit å ikkje kunne gjera noko attende. Eg føler eg står i ei takknemlegheitsgjeld.

Jostein Bakkåker Fosse

BLIR HELLER HEIME: – Det hender at eg lar vera å spørja om skyss fordi eg synest eg «masar» for mykje. Da blir eg heller berre heime, seier Jostein Bakkåker Fosse.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Vil bli med i den utvida ordninga

Knut Duesund (KrF), leiar i hovudutval for samferdsel i Telemark, vedgår at ordninga i Telemark er for dårleg.

– Vi ligg svært låg i Telemark. Vi har søkt om å bli med i den utvida ordninga, men fått avslag. Nå som det er kome meir støtte i statsbudsjettet, skal vi søkje om å bli med på nytt.

– Men er det ikkje dumt å la vera å løyve pengar i fylket, og vente på å bli med i den utvida ordninga?

– Det er snakk om kostnadar. Vi har hatt for lite rom i budsjettet.

Knut Duesund

VIL BLI MED I UTVIDA ORDNINGA: I statsbudsjettet er det løyvd 45 millionar ekstra til den utvida TT-ordninga. Knut Duesund (KrF) håpar difor at Telemark blir med i denne ordninga allereie frå neste haust.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Vil vurdere å laga ei nasjonal ordning

Helge Orten (H) sit i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Han seier det er så store skilnadar i landet fordi det er fylkeskommunane sitt ansvar å handtere TT-ordninga. Difor er det ulike modellar frå fylke til fylke.

Helge Orten

VIL DISKUTERE EI NASJONAL ORDNING: Helge Orten (H) seier dei vil sjå nærare på om den utvida TT-ordninga bør gjelde heile landet, og at det er logisk å ta i samband med regionreforma.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Den utvida ordning har vore ei prøveordning, og vi utvidar stadig ordninga slik at nye fylke får bli med. Det er på tide at vi tek ein større diskusjon om kor vidt dette bør bli ei ordning for heile landet.

– Forstår du at brukarar i ulike fylke oppfattar dette som urettferdig?

– Ja. Men det er ein konsekvens av at det er eit fylkeskommunalt ansvar.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark