Romfolket får ikkje lenger bruke rasteplassen ved E18 på Lannerheia i Porsgrunn. Det har Statens vegvesen bestemt.
Les også:
Plassen blei opna i fjor sommar, men Vegvesenet skriv i eit brev til støtteforeininga for romfolket at dei ikkje vil fortsette utleige av området.
Skjønar ikkje avgjerda
Bjørn Erik Kristiansen i støtteforeininga er skuffa over avgjerda.
Han kan ikkje sjå at den vesle romleiren som vegstellet sjølve sette i stand kan vere til hinder for at vegstellet kan arbeide på vegen.
– Det skjønar eg ikkje. Og det trur eg ikkje er tilfelle, seier Kristiansen.
Porsgrunn kommune har bestemt at dei vil støtte romleiren ved Lannerheia til 1. desember.
Omsynet til naboane
Eivind Gurholt i Statens vegvesen, seier dei heller ikkje har noko ønske om å leige ut tomta etter dette.
– Ut frå omsynet til naboane. Drifta av vegnettet, og når også kommunen trekk seg ut, så vil vi ikkje fortsette ordninga, seier Gurholt.
Kristiansen seier dette kjem til å bety vanskelegare kvardagar for romfolket.
– Dei vil vel kome til å bu i bilane sine rundt om på dei bensinstasjonane som finst i området.