Hopp til innhold

Stakk kvinne i armen med saks

Ein 18 år gamal mann er arrestert av politiet etter å ha stukke ein kvinne i armen ned saks i Porsgrunn sentrum.

18 år gamal mann stakk ung kvinne med saks i armen i Porsgrunn sentrum.

Slik ser såret i armen ut til kvinna som blei stukken med saks i Porsgrunn sentrum.

Ein tilfeldig forbipasserande får sjå to ungdommane ser ut som dei kranglar. Brått snur mannen seg og prøvar å sparke kvinna ned.

Like etterpå høgg han til fleire gonger med den opne saksa han har i høgre hand. Flaks gjer at kvinna berre blir påført stikk i armen.

Takka vera rask reaksjon frå vitne som såg det som skjedde, kom politi og ambulanse raskt til staden.

Blei arrestert av politiet

Operasjonsleiar Jan Olaf Jansen fortel at det første som skjer er at den 18 år gamle mannen frå Porsgrunn vil bli avhøyrt av politiet måndag kveld.

Etter det vil det bli gjort ei vurdering om han blir sittande i arresten på Politihuset til tysdag.

Jan Olaf Jansen, operasjonsleiar Telemark Politidistrikt

Operasjonsleiar Jan Olaf Jansen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Så får ein jurist vurdere om han skal vidare i varetektsfengsel, seier Jansen.

Han fortel politiet vil etterforske saka vidare, og blant anna avhøyre den fornærma kvinna som blei stukken i armen med ei saks.

– Politiet ser svært alvorleg på saka, seier Jansen.

Video er bevis i saka

Ungguten, som er ein kjenning av politiet, er tidlegare dømt for knivbruk. Det vil vera straffeskjerpande. Videoen, som blei teke av ein tilfeldig forbipasserande, kan bli avgjerande.

– Kva betyr det at politiet har fått ein video av det som skjedde i sentrum av Porsgrunn?

– Det er eit viktig bevis i saka som vi tar med oss vidare, seier Jansen.

Politiet stadfester også at dei kjenner til mannen som stakk med saks frå tidlegare forhold.

– Det er heldigvis ikkje ofte vi får inn meldingar om slike hendingar, seier Jansen.