Hopp til innhold

Stortingsrepresentant vil bli ordførar

Stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen blir truleg ordførarkandidat for Seljord Høgre.

Satsar på Stortinget

Solveig Sundbø Abrahamsen har permisjon frå vervet som ordførar i Seljord etter at ho blei vald inn på Stortinget i september 2013.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Sundbø Abrahamsen blei vald som ordførar i Seljord i 2011, men har permisjon frå vervet så lenge ho møter som fast vararepresentant på Stortinget.

– Ein vararepresentant lever eit usikkert politisk liv. Men lysten til å drive med politikk er sterk, og difor stiller eg meg til disposisjon for Seljord Høgre, seier 51-åringen, som kan sjå tilbake på eit svært godt kommuneval ved førre krossveg.

Ved kommunevalet i 2011 fekk Seljord Høgre ordføraren med nesten 40 prosent av røystene. Med åtte av 21 plassar i kommunestyret blei Høgre det klart største partiet i kommunen.

Stortingsrepresentant ingen veikskap

Lederrekken på Høyres årsmøte

Solveig Sundbø Abrahamsen møter fast på Stortinget så lenge Torbjørn Røe Isaksen er statsråd.

Foto: Gisle Espeland

Leiar i Seljord Høgre, Edvard Mæland, går ikkje med på at det er ei veikskap å tilby veljarane ein ordførarkandidat som ikkje kan fylle vervet så lenge ho sit på Stortinget.

– Sjølv om det ikkje er vanleg, er det ingen formelle grunnar til at Solveig ikkje kan vere toppkandidat. Ho er ein svært dyktig politikar, som vi gjerne vil bruke ikkje berre på Stortinget, men også i Seljord når tida kjem.

Kva skjer dersom Solveig Sundbø Abrahamsen blir attvald som ordførar etter valet i haust?

– I så fall må det veljast ein ordførar som fungerer i den tida Solveig møter som vararepresentant på Stortinget, seier lokallagsleiaren.

Ordførar sidan 2007

Solveig Sundbø Abrahamsen blei vald som ordførar i Seljord i 2007, og deretter attvald etter brakvalet i 2011. Etter regjeringsskiftet i 2013 fekk rektoren permisjon frå vervet som ordførar for å møte som vararepresentant på Stortinget for statsråd Torbjørn Røe Isaksen.

Nominerer i mars

Seljord Høgre har ikkje teke formelt stilling til spørsmålet om stortingsrepresentanten skal vere ordførarkandidat. Det skjer fyrst på nominasjonsmøtet den 23. mars, ei veke før fristen for å levere vallista går ut. Men så lenge Sundbø Abrahamsen sjølv seier ja er det liten tvil om at det største partiet i Seljord kommunestyre stiller med ein stortingsrepresentant som ordførar.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark