Hopp til innhold

Nå kan du finne fram skiene

Rauland og Gaustablikk opnar skisesongen til helga.

Gaustablikk

Alpinbakkane på Gaustablikk blir preparert før opninga av skisesongen.

Foto: Booking Gaustablikk

På Rauland opnar skiarenaen mellom Vierli og Rauland høgfjellshotell fredag 21. november.

Les også:

Vierli terrengpark opnar laurdag 22. november. Etter kvart vil også Vierli vinterland inklusive akebakken, airboardsenteret og Vierli skisenter opne, melder Visit Rauland på sine nettsider.

Gaustablikk opnar laurdag

Gaustablikk Skisenter opnar dei første bakkane laurdag 22. november.

– Vi har nå fått utnytta de siste dagars kulde og tørt klima optimalt og ser fram til å opne de første bakkane, seier Ane Johnsen, direktør ved Gaustablikk Skisenter i ei pressemelding.

Gaustablikk opnar Gaustabakken og ein del av Barneområdet kommande laurdag.

Så følgjer skitraseane fortløpande så snart det er nok snø og prepareringa er tilfredsstillande.

Godt å kome i gang

I alt skal 12 heiser og 33 nedfartar i gang. Skikafe og Skiutleige held ope frå første dag. I år blir tilbodet også utvida med afterski.

– Vi har gjort ein del løft i anlegget og blant anna fornya skittleiga og parkeringa, seier Johnsen, som meiner at 22. november ikkje er spesiell sein opningsdato.

Rauland skisenter ventar ei veke til laurdag 29. november før skisesongen startar.

– Det blir uansett godt å komme i gang, seier Johnsen.