Hopp til innhold

Sjokkert over staten Israel

– Eg er sjokkert over korleis Israel behandlar palestinarane, seier solidaritetsarbeidar Ragnar Steinstad etter ei reise i Palestina.

Ragnar Steinstad

Ragnar Steinstad har besøkt Gaza og Aust-Jerusalem med Norsk Folkehjelp og Fagforbundet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Ragnar Steinstad har drive solidaritetsarbeid for palestinarane i meir enn 40 år, og tidlegare i denne månaden besøkte han området som ligg i konflikt med Israel.

Delegasjonen han reiste med besøkte først Aust-Jerusalem og seinare Gaza.

– Og eg fortel til alle som har spurt meg. Det var mykje verre enn det eg hadde trudd, og det eg hadde frykta, seier Steinstad.

– Det var rett og slett uhyggeleg, og det kverner rundt i hovudet mitt framleis.

Her kan du høyre heile intervjuet:

Mange problem i kvardagen

Men midt opp i denne konflikten blei Ragnar Steinstad også møtt med varme og humor. Og han trur det er heilt nødvendig for å overleve under så sterkt press.

– Vi trefte kunnskapsrike og varme folk som var opptatt av familien og barna sine. Og korleis vi hadde det i Norge, seier Steinstad.

Ragnar Steinstad

Ragnar Steinstad

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Han fortel at dei hadde mange problem i kvardagen.

– Det største problemet var at dei var mura inne i ein blokade på Gaza, og utsett for ein nådelaus okkupasjon, og nyleg ein krig, fortel Steinstad.

Han meiner situasjonen er forferdeleg for palestinarane, både på Vestbredden, i Aust-Jerusalem og Gaza.

– Du kan sjølv tenke deg situasjonen når det bur 1,8 millionar menneske på eit lite område som er fire mil langt, og mellom seks kilometer og 12 kilometer breitt.

Er totalt innesperra

Steinstad fortel at sytti prosent av dei som bur på Gaza er flyktningar. Dei er totalt innesperra. Grensa er okkupert over eit stort område der militære frå Israel har all kontroll.

– Der kan ikkje folk komme. Dei kan ikkje kom ut. Ved grenseovergangen er det ei ståldør med kontroll på kontroll. På kysten ligg det israelske krigsskip, som skyt på båtane og øydelegg for dei som fiskar, seier Steinstad.

Han meiner han ikkje overdriv, men forsøker å fortelje ei nøktern historie.

– Vi køyrde gjennom område på fleire kilometer, der alt var lagt i ruiner. Hus, moskear, skular, sjukehus og fabrikkar, fortel Steinstad.

Steinstad registrerer at store delar av verdssamfunnet reagerer på det Israel gjer mot palestinarane, men stiller spørsmål om kvifor det ikkje får nokon konsekvensar for staten Israel.