Hopp til innhold

Rusmiljøet meiner politiet ikkje tok forsvinninga på alvor

– Vi har vore sinte, seier folk i rusmiljøet. Dei synest politiet har gjort ein dårleg jobb med å finne Kari Grønnestad etter at ho forsvann i 2012.

Bjørn Jørgensen

Bjørn Jørgensen synest politiet gav opp for lett då Kari Grønnestad forsvann.

Foto: Lorentz Berg / NRK

Folk i rusmiljøet i Skien er opprørte over at det tok tre år frå Kari Grønnestad blei sakna, til etterforskinga blei tatt opp og ho truleg nå er funnet.

Dei fryktar at bakgrunnen frå eit belasta rusmiljø, gjorde at politiet ikkje tok forsvinninga på alvor.

Var omgangsvenner

– Vi var omgangsvenner og møttest kvar dag. Men vi levde jo i eit tøft miljø, og det er i grunnen det eg vil seie om det, seier Jørgensen.

Både Bjørn og Kari var med i prosjektet som blei til serien "Husdrømmen" på NRK1. Der kunne sjåarane følge kampen deira for å få livet på rett kjøl.

For han var det fortvilande å oppleve at ingen brukte nokon særlige ressursar for å finne ut kva som hadde skjedd, då Kari Grønnestad forsvann.

– Vi blei rett og slett sinte. Og fekk kjensla av at Kari ikkje betydde noko, fordi ho kom frå eit belasta miljø. Men det er menneske, og vi må ikkje gløyme det, seier Jørgensen.

Han synest politiet har gjort ein dårleg jobb

Skal gå gjennom saka på nytt

Politistasjonssjef Tore Halvorsen

Politistasjonssjef Tore Halvorsen.

Foto: Lorentz Berg / NRK

Men politiet i Skien, meiner de undersøkte så godt som det var mogleg, den gangen. Det seier politistasjonssjef Tore Halvorsen.

– Vi gjorde så mykje vi kunne gjere den gongen, og alle tips blei følgd opp. Uavhengig av kva for miljø det var, så blei saka etterforska på vanleg måte, seier Halvorsen.

Han seier at politiet vil gå gjennom saka på nytt når etterforskinga er ferdig, for å sjå på om det var ting politiet kunne gjort annleis den gongen.

For Bjørn Jørgensen er det ein lette at Kari Grønnestad ser ut til å vere funnen.

– Det er trist da, men det er godt. Sjølv om det er sorg forbunde med det som er skjedd, seier Jørgensen.