Hopp til innhold

Rjukanbanen startar turisttrafikk i sommar

Rjukanbanen får lov til å starte turisttrafikk i sommar. Nå blir jernbanesviller bytta ut for å få ein driftssikker jernbane.

Tinnosbanen

RJUKAN: Til sommaren blir det turistrafikk på Rjukanbanen og Tinnsjøferga Storegut som er ein del av verdsarven på Rjukan.

Foto: Helge Carlsen / NRK

I løpet av tre år skal 12.000 jernbanesviller bli skifta ut på Rjukanbanen mellom Mæl og Rjukan. Dei første blir skifta ut nå i desse dagar.

Rjukanbanen

Utsikten mot Gaustatoppen frå Rjukanbanen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Eivind Tollefsjord, Thomas Moen og Gordon Marjonovic jobbar for norsk jernbanedrift, og snart kan dei første toga gå på museumsjernbanen.

– Vi skal bytte ut 1200 sviller nå i første omgang. Det er mykje arbeid og mange skruar, seier Tollefsjord.

Jernbanesvillene er behandla med kreosot, og skal halde i 100 år til når arbeidet er ferdig.

– Fordi jernbanestrekninga er verna, må vi gjere arbeidet på same måte som det blei gjort for hundre år sidan, seier Marjanovic.

Arbeidet med å bytte ut dei første svillene skal vere ferdig til 22. juni.

Rjukanbanen får nye sviller

Arbeidet med å legge 1200 nye jernbanesviller på Rjukanbanen denne sesongen er snart ferdig.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Får køyre turisttrafikk i sommar

Avdelingsleiar Einar Gabrielsen ved Norsk Industriarbeidermuseum på Rjukan. Han har ansvaret for jernbaneferjene på Tinnsjøen og Rjukanbanen.

– Vi har fått lov av Jernbanetilsynet til å køyre passasjertrafikk på Rjukanbanen.

Rjukanbanen får nye sviller

Rjukanbanen får nye sviller etter hundre år.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Dei første togturane på museumsjernbanen kjem i gang i starten av juli. Då blir det sett opp tog til dei båtturane som skal vere med jernbaneferja Storegut på tysdagar og fredagar.

– Vi har alt nå fått bestillingar, og alt 17. juni kan vi starte opp med å køyre tog, seier Gabrielsen.

Togsettet vil køyre i 30 kilometer i timen, og guidar vil fortelje om gamle stasjonar og andre ting du kan sjå langs den gamle jernbanelinja.

Framleis manglar det ei strekning mellom Tinnoset og Notodden på andre sida av Tinnsjøen.

– Den skulle vi gjerne hatt i drift. For vi har jernbanemateriell ståande på andre sida som vi gjerne skulle hatt til Rjukan. Det er nokre gamle passasjervogner som har gått på Rjukanbanen tidlegare, seier Gabrielsen.

Storegut fyller 60 år, og skal gå på Tinnsjøen i sommer

Det blir mogleg å ta ein tur med M/S Storegut og Rjukanbanen i sommar. I juli startar dei første turane, lovar Einar Gabrielsen ved Norsk Industriarbeidermuseum.