Hopp til innhold

Oslo og Stavanger på 3,5 time

Reisetida mellom Stavanger og Oslo kan meir enn halverast ved samankopling mellom Sørlandsbanen og Vestfoldbanen.

Egersund stasjon

I dag tek det åtte timar frå Stavanger til Oslo. Ved ei samankopling av Vestfoldbanen og Sørlandsbanen kan reisetida meir enn halverast.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Måndag var fleire sentrale politikarar i Grenland for å lekke frå statsbudsjettet. Nyheita var at det blir løyvd 100 millionar kroner i komande statsbudsjett til bygging av ny jernbanetrase mellom Larvik og Porsgrunn.

Det opnar igjen for ei samankopling av Vestfoldbanen og Sørlandsbanen. Meir enn 20 års kamp ser ut til å vere over.

Artikkelen held fram under biletet.

Magnhild Meltveit Kleppa og Kristin Halvorsen

Magnhild Meltveit Kleppa og Kristin Halvorsen feira med blomster og kake på måndagens pressekonferanse om Eidangerparsellen.

Foto: Anette Dotseth Stensholt / NRK

Slut på togbussar

Folk er vande med at tog mellom Larvik og Porsgrunn er forseinka. NRK gjorde i si tid ein test som synte at det var like raskt å sykle strekninga som å ta toget. Nå går det mange togbussar i Porsgrunn. Det blir det snart slutt på.

– Det blir heilt slutt på det når vi får bygd den nye parsellen, seier prosjektleiar Lars Tangerås i Jernbaneverket.

Med løyvinga som no kjem i statsbudsjettet fjernar ein den største hindringa for ei samankopling av Vestfoldbanen og Sørlandsbanen. Tangerås seier at dette vil redusere reisetida kraftig. I dag tek det åtte timar frå Stavanger til Oslo.

Oslo og Stavanger på 3,5 time

– Det er snakk om reisetider mellom Oslo og Stavanger på 3,5 time, med det er og andre prosjekter som skal realiserast før det blir den reisetida, seier Tangerås.

– Det at det no er løyvd 100 millionar til igangsetting, betyr det at prosjektet ikkje kan stoggast?

– Når du får ein oppstartsløyving, som er pengar som er øyremerka til bygging i marka, er det lite sannsynleg at prosjektet vert stogga.

– Dette har vi venta på

Oddvar Skaiaa

Oddvar Skaiaa i Jernbaneforum sør

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Vedvarande politisk press i 20 år har gjort at denne gordiske samferdselsknuten no ser ut til å vera løyst. På høg tid meiner Oddvar Skaiaa i Jernbaneforum sør.

– Det vil igjen opne opp for at vi også så raskt som mulig må kome i gang med vidareføringar mot Sørlandet frå Porsgrunn. Det er gledelig at vi har kome i gang, dette har vi venta på, og sloss for veldig lenge. Ein slik reduksjon i reisetida vil revolusjonere transporten frå Stavanger og Sørlandet mot Austlands-området. Vi får ein heilt ny bo- og arbeidsmarknad, seier Skaiaa.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark