Hopp til innhold

Nye vitne er kalla inn i saka mot ekspolitimannen

Det er kalla inn ni nye vitne i rettssaka mot ekspolitimannen i Nedre Telemark tingrett.

Rettssak Nedre Telemark tingrett

Bistandsadvokat, Nils Christian Schelver Petersen og aktor Kjetil Omholt er i gang med dag 4 av rettssaken i Nedre Telemark tingrett.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Slik var dag 4 av rettssaka:

Innholdet som lå her kan ikke vises.

Onsdag fortset rettssaka i Nedre Telemark tingrett mot ekspolitimannen som er tiltalt for å ha forlate avdøde Linn Madelen Bråthen i ein hjelpelaus tilstand på Breviksbrua i august i fjor.

Kjetil Omholt

Statsadvokat Kjetil Omholt.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

På den fjerde dagen for rettssaka er det kalla inn ni nye vitne i saka. Til saman er det 11 personar som skal vitne i dag.

Dei nye vitna er personar som har sett eller høyrt noko i forbindelse med at Bråthen falt frå Breviksbrua og døde 3. august i 2013.

– Det er ein del vitne som har høyrt forskjellige lydar i nærleiken av Breviksbrua på det aktuelle tidspunktet, seier aktor, statsadvokat Kjetil Omholt.

Les også:

Protest frå forsvarar

Det er rettens administrator, tingrettsdommar Berit Nerva, som har bestemt at desse nye personane også blir kalla inn som vitne i saka for å forklare seg i retten.

Aktor statsadvokat Kjetil Omholt seier han i utgangspunktet ikkje hadde tenkt å kalle inn desse.

– Eg hadde eigentleg tenkt at hovudetterforskar skulle gjere greie for ein del av desse vitneprova. Men etter protestar frå forsvarar, så blei det bestemt at dei skulle bli kalla inn som vitne, seier Omholt.

Retten sist veke:

Vil lese opp nye dokument

Arne Lie

Arne Lie er forsvarar for ekspolitimannen.

Foto: Rune Jensen / NRK

Forsvarar for den tiltalte ekspolitimannen, Arne Lie, seier til NRK at han også har to politikolleger til han ønskjer skal vitne i tingretten, når rettssaka startar igjen onsdag.

Rettens administrator har også bedt om at dokument som kan fortelje om den psykiske helsetilstanden til avdøde Linn Madelen Bråthen blir lagt fram for tingretten.

Statsadvokat Kjetil Omholt seier det står att ein del dokument som vil bli lest opp i tingretten.

– Eg kjem til å gå gjennom utdrag av dokument i retten, som ikkje er blitt bruka som prov i saka. Så det står att ein del dokument, seier Omholt.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark