Hopp til innhold

Ny rullator skal hindre eldre å falle

Ein ny trapperulator skal gi eldre støtte til å gå i trappene sjølve. Den skal også forhindre fallulykker og dødsfall blant eldre som bor heime.

Ein ny trapperulator skal gi eldre støtte til å gå i trappene sjølve.

I dag blei trapperulatoren AssiStep presentert på Klyvetunet i Skien. Den består av eit handtak som brukaren kan støtte seg til og som er kopla til eit spesialgelender på veggen.

Handtaket gir ein rullatorliknande støtte, og har ein patentert stoppemekanisme som gjer at handtaket blir låst om brukaren kjem i ubalanse, eller er på veg til å falle.

– Mange eldre som er dårleg til beins gruer seg ofte til å gå i trapper. Ein trapperullator vil kunne gjere det mykje enklare, seier teknisk sjef Ingrid Lonar i Assitech AS.

Vil gje større tryggleik i trapper

Ingrid Loner, Assitech AS

Ingrid Loner, Assitech AS

Foto: Øystein Økter / NRK

I tre år har studentar frå NTNU i Trondheim jobba med å utvikle trapperulatoren i samarbeid med Noregs Parkinsonforbund.

Gründerane bak AssiStep er Ingrid Lonar, Halvor Wold og Eirik Medbø. Onsdag blei den presentert for første gang i Sør- Noreg.

– Fleire eldre må i dag flytte til bu og omsorgssenter på grunn av krevjande og bratte trapper i heimen. Nå kan trapperulatoren gi dei større tryggleik, seier teknisk sjef Ingrid Lonar.