Hopp til innhold

Opnar ny kreftavdeling på sjukehuset

Ei ny kreftavdeling blei opna på Sjukehuset Telemark i dag. Pasientar har tru på at tilbodet blir betre.

Harald Sørensen klipper snora

Kreftpasient Harald Sørensen fekk æra av å klippe snora til den nye kreftavdelinga ved Sjukehuset Telemark. Foto: Lars Tore Endresen

Den nye kreftavdelinga blei høgtidleg opna på Sjukehuset Telemark onsdag. Avdelinga skal styrke tilbodet til pasientar med kreft.

Til den offisielle opninga kom ordførarar, stortingsrepresentantar, kommunelegar, kreftsjukepleiarar og pasientar ved sjukehuset.

Opnar kreftavdeling ved Sjukehuset Telemark

Den offisielle opninga av kreftavdelinga ved Sjukehuset Telemark samla mange politikarar og pasientar ved sjukehuset.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Ikkje noko særleg

Harald Sørensen er pasient ved sjukehuset. Han meiner den nye avdeling vil bety mykje for kreftpasientar og håpar det vil bety færre turar til Oslo.

– Den lange reisevegen er ikkje noko særleg når du er sjuk. Du sit der kvalm og ekkel, hårlaus og ti-femten kilo mindre enn du er til vanleg. Det er ikkje moro å sitte å sikle på ein buss, seier Sørensen.

Då synest han det blir betre å sitte i ljose og trivelege lokale med hyggeleg personale og god mat og drikke.

– Det er utruleg viktig, seier Sørensen.

Han trur pasientar blir fortare friske når dei slepp den lange reisa til Oslo.

Viktig tilbod til pasientane

Avdelingsleiar, Anne Augestad Larsen, ved Sykehuset Telemark er glad for at sjukehuset får styrka tilbodet til kreftpasientar med ei helt ny avdeling.

Hedda Foss Five, ordførar i Skien

Hedda Foss Five er ordførar i Skien.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Det nye er at vi har fått samla alle kreftpasientar på ein stad, og vi har ein etasje der all behandlinga skjer, seier Augestad Larsen.

Ho meiner dette er ein viktig start på vidareutviklinga av kreftbehandlinga ved sjukehuset.

– Personalet opplever at no er det ei satsing kreftbehandlinga, seier Augestad Larsen.

– Er det første steget mot å få strålebehandling til sjukehuset?

– Det er i alle fall eit steg på vegen mot å gje eit totalt tilbod til pasientane i Telemark som vi ser som kjempeviktig.

Manglar strålebehandling

Mange politikarar møtte opp på opninga av den nye avdelinga. Ordførar i Skien, Hedda Foss Five, meiner den nye kreftavdelinga styrkar Skien i kampen om det nye strålesenteret.

– Så absolutt. No er alt tilbod om kreftbehandling samla her på Sjukehuset Telemark. No manglar vi berre ein ting, og det er eit stråletilbod til pasientane. Det må kome, seier Foss Five.