Hopp til innhold

Ap og Høgre seier nei til avfallsdeponi

Bystyregruppa i Høgre og Arbeidarpartiet si gruppe i kommunal og teknikk seier måndag kveld nei til deponi for giftig avfall i Brevik.

Robin Kåss, bedriftslege Stamina Helse

Ordførarkandidat for Porsgrunn Arbeidarparti vil ikkje ha avfallsdeponi for giftig avfall i Norcem sine gruver i Brevik.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Arbeidarpartiet si gruppe i plan og kommunalteknikk meiner ikkje det er grunnlag for å gå vidare med planane om eit avfallsdeponi for giftig avfall i Norcem sin gruver i Brevik.

Arbeidarpartiet seier med dette nei til den delen av planprogrammet som omfattar avfallsdeponi i Brevik når gruvedrifta er slutt, etter at gruppa hadde møte måndag kveld.

– Eg stiller meg fullt og heilt bak dette forslaget, seier Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat Robin Kåss.

Les også: Advarer mot lagring av farlig avfall

Høgre seier nei

Anne Karin Alseth Hansen

Anne Karin Alseth Hansen seier nei til deponi for farleg avfall i Brevik.

Foto: Roald Marker / NRK

Porsgrunn Høgre si bystyregruppe avgjorde måndag kveld at dei vil seier nei til konsekvensutgreiing av deponi for farleg avfall i Brevik.

– Porsgrunn Høgre har nå innhenta så mykje informasjon om deponi for farleg avfall i Brevik, at vi ikkje trenger ei konsekvensutgreiing, seier gruppeleiar Anne Karin Alseth Hansen til Porsgrunns Dagblad.

Alseth Hansen meiner ei konsekvensutgreiing ikkje vil endre Høgre sitt standpunkt.

Les også: Ønsker ikke giftdeponi i byen

Må sjå etter andre alternativ

Robin Kåss seier at Arbeidarpartiet si gruppe i Kommunal og teknikk kjem til å stemme nei til planane om avfallsdeponi for giftig avfall på møte tysdag. Han trur også Arbeidarpartiet sine medlemmer i formannskapet vil seie nei.

– Vi skal ha eit ope møte den 24. februar der alle kan få sagt si meining, før Arbeidarpartiet tar endeleg stilling den 2. mars, seier Kåss.

Han meiner det manglar ein nasjonal plan for å kva som skal gjerast med gift avfall.

Tidlegare har Venstre, By og Nærmiljøpartiet, Frp, SV, Rødt og Miljøpartiet De Grønne sagt nei til konsekvensutgreiing av deponi.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark