Hopp til innhold

Møteulukke på E18 - politiet leitar etter sjåfør

Det har vore ei møteulukke i Bambletunnelen på E18 sør for Porsgrunn. Ingen personar er alvorleg skadde, men politiet leitar etter ein person som blir knytt til ulukka.

Møteulukke E18

Møteulukka skjedde inne i Bambletunnelen på E18.

Foto: Aksjon E18

I fylgje politiet skjedde ulukka då ein personbil i nordgåande felt køyrde i tunnelveggen under ei forbikøyring.

Bilen blei kasta ut att i vegbanen, der den kolliderte med to møtande køyretøy.

Leitar etter sjåføren

Dykkarar i Brevikstrømmen

Politiet leitar etter sjåføren i bilen som var årsak til ulukka. I ettermiddag søkte politiet med dykkarar i Brevikstraumen.

Foto: Aksjon E18

Så langt politiet veit er ingen personar alvorleg skadde. Men politiet leitar etter sjåføren i bilen som var årsak til ulukka.

Politiet ber no publikum om hjelp.

I fylgje politiet er mannen liten og spinkel med kort mørk hår, og kledd i raude bukser og ein mørk blå genser.

Vitne har fortalt til politiet at mannen prøvde å haike bort frå ulukkesstaden

Augnevitne på staden fortel og at politiet og dykkarar søker i vatnet under brua. Det er ikkje kjent om søket kan knytast til trafikkulukka i Bambletunnelen.

(Her kan du sjå video frå staden)

Møteulykke E18

Foto: Aija Haugsbakk

E18 opna

Klokka 1750 opplyser politiet arbeidet med å rydde tunnelen er avslutta, og at E18 er opna.

Augnevitne fortel at det bilar snur i tunnelane og på Grenlandsbrua, som ligg mellom Kjørholttunnelen og Bambletunnelen.

– Det oppstår trafikkfarleg situasjonar når folk snur. Bilar som køyrer tilbake i motsett felt skaper problem for brannvesenet og politiet, fortel eit augnevitne.

Ulukka skjedde klokka 16 i ettermiddag, og E18 var lenge stengt mellom Kjørholtkrysset og Rugtvedtkrysset. Ulukke skjedde i ettermiddagsrushet, og det er lange køar i begge retningar.

Laster Twitter-innhold
Kollisjon E18

Det var lange køar på Grenlandsbrua mellom Kjørholttunnelen og Bambletunnelen.

Foto: Aksjon E18

NRK oppdaterer saka.