Hopp til innhold

Miljøpartiet er vinnaren før valet

Miljøpartiet De Grønne er vinnaren på meiningsmåling for Telemark – firedoblar oppslutninga frå 2011.

Ron Bruinvis, Miljøpartiet De Grønne

Fylkesleiar i Miljøpartiet De Grønne i Telemark, Ron Bruinvis, gler seg over stor framgang på ei meiningsmåling for juni.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) går mest fram i ei meiningsmåling som Sentio Research har gjort for NRK Telemark og TA.

MDG går fram frå 1,1 prosent til 4,7 prosent, og blir større enn Venstre, SV og Rødt i Telemark.

Les også: Ron Bruinvis i partiutspørjing

Fylkesleiar Ron Bruinvis i Miljøpartiet De Grønne i Telemark seier at partiet kjem til å søke makt dersom dei kjem inn i fylkestinget etter valet.

– Det er sjølvsagt eit forhandlingsspørsmål som vi må vurdere etter at vi er ferdige med valet, og det endelege resultatet er klart. Men vi skal prøve å kome i posisjon og få mest mogleg påverknad på vegner av miljø og klima, seier Bruinvis til NRK.

Ron Bruinvis og Gisle Espeland

Ron Bruinvis blir vist tala i meiningsmålinga av politisk kommentator Gisle Espeland.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Blir representert i kommunane

Miljøpartiet får på denne målinga to representantar i fylkestinget, der MDG aldri tidlegare har vore representert.

– Miljøpartiet vil også kome inn i kommunestyret der partiet stiller liste, dersom oppslutninga held seg rundt fem prosent, seier politisk kommentator Gisle Espeland.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet går også klart fram frå valet i 2011, Ap til 40,7 og Sp til 9,6 prosent. Begge partia vinn eit mandat i fylkestinget, og har dermed fleirtal saman, utan hjelp av SV.

Taparane i meiningsmålinga

Også regjeringspartia og dei to støttepartia går tilbake mellom frå ein til vel to prosentpoeng.

– Taparane i denne målinga er regjeringspartia og dei to støttepartia, samt SV. Frp og Høgre misser alle eitt mandat i fylkestinget, og er langt unna å vinne tilbake fleirtalet frå dei raudgrøne, seier Espeland.

SV på si side går klart tilbake, til 2,7 prosent, og får berre ein representant i fylkestinget.

– SV er også det partiet som gir frå seg flest veljarar til Miljøpartiet De Grønne, seier Espeland.

Partibarometer juni 2015 Telemark. Fylkestingsvalg

Parti

Valg 2011

15. juni

Differanse

Ap

37,8

40,7

+2,9

Frp

12,4

10,2

-2,2

H

22,3

20,7

-1,6

KrF

7,1

5,9

-1,2

Rødt

1,6

1,6

0,0

SP

7,8

9,6

+1,8

SV

4,1

2,7

-1,4

V

4,4

3,3

-1,1

PP

0,7

0,0

-0,7

MDG

1,1

4,7

+3,6

BBL

0,0

0,0

Andre

0,8

0,7

-0,1

Ekspander/minimer faktaboks

Utført av Sentio Research Norge AS