Hopp til innhold

Manglar ein halv million til dette

Vest-Telemark Museum manglar ein halv million kroner for å finansiere aktivitetsparken med ein hundre meter lang modell av Telemarkskanalen.

Vest-Telemark Museum
Foto: Vest-Telemark Museum

Før helga fekk museet 660.000 kroner av Kulturdepartemenet, og nå ventar museet på svar på søknaden til Telemark Utviklingsfond.

Prosjektet er rekna ut til å koste 6 millionar kroner, og har også fått støtte av DnB og Statkraft.

Les meir om aktivitetsparken her: Telemarkskanalen på ett minutt

Aktivitet for barn og unge

Vest-Telemark Museum har søkt om 533.000 kroner av Telemark Utviklingsfond, og svaret på søknaden får museet på tysdag.

– Desse pengane vil kome veldig godt med. No er vi heilt i innspurten når det gjeld å få finansiert dette flotte prosjektet, seier direktør Dag Rorgemoen ved Vest-Telemark Museum.

Parken skal bli eit utandørs aktivitetsområdet der barn og unge kan leike seg inn i historia.

Direktør Dag Rorgemoen på vest-telemark Museum.

Direktør i Vest-Telemark Museum, Dag Rorgemoen, vil opne aktivitetsparken i 2015 om den siste finansieringsbiten frå Telemark Utviklingsfond kjem på plass.

Foto: Øyvind Arntsen / NRK

Kan starte bygginga

Vest-Telemark Museum har også fått to millionar kroner frå Sparebankstiftinga DnB og 600.000 kroner frå Statkraft.

Rorgemoen seier møtet i Telemark Utviklingsfond tysdag blir viktig, fordi dette er den siste søknaden dei ventar svar på.

– Får museet ja på denne søknaden av Telemark Utviklingsfond er vi heilt i mål, og kan starte med bygginga, seier Rorgemoen.

Han meiner det er viktig å få på plass finansieringa for å kunne bygge noko som har kvalitet og kan vare i mange år.

Vest-Telemark Museum har alt sendt søknad om å få bygge parken.

– Målet er å opne 1. juni neste år. Men for å kunne få til det på ein god måte, må vi ha sommaren til å bygge prosjektet, seier Rorgemoen.