Hopp til innhold

Vil forsvinne om dei må betale skulepengar

Studentane frå den tredje verda vil forsvinne viss det blir innført studieavgift på bortimot 100.000 kroner.

Studentene fra den tredje verden vil forsvinne hvis det blir innført studieavgift på bortimot 100 000 kroner.

Det meiner studentar og leiinga ved Høgskolen i Telemark. Der har dei 300 utanlandsstudentar.

Sivilingeniørstudentane på høgskulen i Telemark er ei fargerik forsamling. Men kva ville skje viss dei som ikkje er frå Noreg eller EU-land må betale skulepengar på høgskulen slik regjeringa foreslår?

Morten Melaaen, Høgskolen i Telemark

Morten Melaaen, Høgskolen i Telemark.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

To tredelar delar av elevane i ei klasse for ingeniørstudentar NRK besøkte ved Høgskolen i Telemark er frå tredjeland som det heiter.

Ingen av dei trur dei ville hatt råd til å studere i Noreg viss dei må betale bortimot 100.000 kr for å gå på høgskulen.

– Av våre studentar så blir om lag 80 prosent igjen i Noreg. Og landet vårt treng ingeniørar. 20–30 prosent av dei som kjem frå fattige land reiser tilbake, og då får også dei ein gevinst av dette, seier Morten Melaaen, ved Høgskolen i Telemark.

Vil dra tilbake

Abbas frå Nigeria seier at han gjerne vil bidra i det norske samfunnet som sivilingeniør når han er ferdig. men så vil han heim.

Abbas Lawal Ashimyiyu, student.

Abbas Lawal Ashimyiyu, student.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Etter nokre år vil eg dra tilbake for å bruke det eg har lært, seier Abbas.

Studentane som kjem har 16 års skulegang bak seg som heimlandet har betalt.

Dekan Morten Melaas på høgskulen synest der er rart at rike Noreg ikkje har råd til å koste på to år på toppen.

– Vi får flinke folk som kan jobbe i Noreg. Og når det gjeld dei som dreg tilbake har vi drive ein form for u-hjelp, seier Melaaen.

Viss det blir innført skulepengar på bortimot 100 000 kroner, ville dei færraste ha råd til å bli.

Vil miste studentar

Torbjørn Røe Isaksen

Torbjørn Røe Isaksen, kunnskapsminister.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Enkelte høgskular og universitet vil dekkje inn studieavgifta. Det er ikkje aktuelt i Telemark.

– Nei. Det er uaktuelt. Så vi vil miste mange studentar, seier Melaaen.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier han er veldig for gratis utdanning i Noreg.

– Men det betyr ikkje at vi skal ha gratis utdanning for alle i heile verda. Dessutan har NHO sagt at dei er for dette forslaget, seier Røe Isaksen.