Hopp til innhold

Kyrkjefond kan stoppe skuterløyper

Mange kommunar må bruke lang tid på å få til eit løypenett for fritidskøyring med snøskuter. Berre tre er i gang til nå. I Vinje krev Opplysningsvesenets fond 7000 kroner i året for å ha skuterløype over eigedomen sin.

Snøskuter på Sjusjøen.

FÅ ER KLARE: Regjeringa har opna for at kommunane kan lage eigen skuterløyper for rekreasjonskøyring. Men berre tre kommunar i landet er klare med løypene sine.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

I august i fjor opna Regjeringa for at kommunane kan opprette snøskuterløyper for rekreasjonskøyring.

Over 40 kommunar i landet har starta opp planlegging av snøskuterløyper for rekreasjonskøyring, opplyser Klima- og miljødepartementet. Men berre tre av desse har opna løypenettet sitt. Det er Grane og Hemnes i Nordland, samt Åsnes i Hedmark.

Vinje kommune har fått avtale med nær 250 grunneigarar som vil gje løyve til skuterløyper over eigedomen sin vederlagsfritt.

Snøskuter

Det er stor usemje om snøskuterkøyring.

Foto: Reidar Gregersen

Krev betaling

Opplysningsvesenets font er einaste grunneigar som krev betaling. 7000 kroner i året, pluss 4.500 for å lage ei avtale er kravet frå kyrkjefondet.

– Vi tar betalt der vi trur det er ein risiko, og snøskuterkøyring kan føre til skadar på eigedomen. Da er det naturleg å ta betalt, seier seksjonsleiar Anne Barbo i Opplysningsvesenets fond.

Les også: – Brukar fjellheimen som leikegrind

– Forvaltar eigedomen frå byen

Grunneigar Svein Kostveit på Rauland gjev kommunen løyve til å legge skuterløypa vederlagsfritt over sin eigedom. Han er opprørt over at kyrkja som grunneigar ikkje gjer det same.

– Det forundrar meg mykje, det kan tyde på at dei er lite kjent med korleis realiteten er i bygda her, hevdar Kostveit.

Anne Barbo i Opplysningsvesenet fond syns ikkje dei er grådige.

– Å ta seg betalt for noko som ikkje er nyttekøyring, meiner eg ikkje burde tilseie at vi er grådige. 7000 kroner er også eit lite beløp.

Kan ikkje betale alle

Jon Rikard Kleven

Ordførar Jon Rikard Kleven meiner kyrkjefondet kan velte heile ordninga med skuterløyper i Vinje

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ordførar Jon Rikard Kleven i Vinje er opprørt over at Opplysningsvesenets fond krev betalt. Kommunen må gjere avtale med alle dei 300 grunneigarane som får løypa over sin eigedom, og det er ikkje økonomi til å betale alle. Samtidig kan dei ikkje gjere forskjell på grunneigarar.

– Det er trist og sørgeleg at fondet ikkje kan vere meir fleksible og vise meir ansvar. Når dette er noko som mange grunneigarar og innbyggarar ynskjer i Vinje, så er det kjedeleg at kyrkjefondet skal ta beinkrok på ei slik ordning, seier Kleven.

Han meiner Opplysningsvesenets fond kan velte heile ordninga med skuterløyper i Vinje.

– Vi kjem ikkje til å gå inn på nokon betalingsordning med fondet. Så da må vi sjå om det går an å lage eit løypenett som går utanom deira eigedom, seier Jon Rikard Kleven.

Karl Ivar Kristensen i Snøscooterforeningen har forståing for at det tar tid å opprette løypenett.

– Dei fleste kommunar må gjere ein stor jobb med planlegge løypenettet og lage avtaler med grunneigarane. Vi satsar heller på at løypenettet er klart til neste sesong, seier han.