Hopp til innhold

Kulturprisen til Ingebjørg Bratland

– Det er noko ekstra stort når ein får ein pris frå sine eigne, sa Ingebjørg Bratland då ho tok i mot Telemark fylkeskommune sin kulturpris i Ælvespeilet.

Ingebjørg Bratland takkar for Telemark fylkeskommune sin kulturpris 2015.

Ingebjørg Bratland er oppteken med turne etter at ho kom med plata "Månesinn" i fjor haust, og som har fått strålande kritikkar. Turneen starta i Longyearbyen på Svalbard den 5. februar, og held fram på fastlandet med utselde konserthus.

Men Ingebjørg Bratland var med i Ælvespeilet på ein video som blei vist på storskjerm for publikum i salen.

Les også: Lillebror: – Kom deg heim til skuterdressen

Betydeleg innsats for kulturlivet

Sven Tore Løkslid

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid delte ut kulturprisen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det var fylkesordførar Sven Tore Løkslid som hadde æra av å dele ut Fylkeskulturprisen på 50.000 kroner til Ingebjørg Bratland.

– Vinnaren av Fylkeskulturprisen er ein folkemusikar, kvedar og songar frå Edland i Vinje. Med sin særeigne songteknikk og formidlingsevne er ho ein svært folkekjær artist. I 2013 fekk ho Spelemannsprisen i folkemusikk saman med Odd Nordstoga for plata "Heimafrå", og har nå ei solid solokarriere, sa Løkslid.

Fylkeskulturprisen skal heidre ein person eller organisasjon som har gjort ein betydeleg innsats for fylkets kulturliv

Prisen blei første gang delt ut i 1977. Sidan den gang har den blitt delt ut til blant anna Guttorm Guttormsen, Halldis Moren Vesaas, Odd Nordstoga, Anders Vangen og Frøydis Grorud.

Les også: Bratland tok imot kulturprisen

Ekstra stas å få pris av sine eigne

Ingebjørg Bratland

Ingebjørg Bratland er gjest i NRK.

Foto: Elin Martinsen / NRK

Ingebjørg Bratland var tydeleg glad for å få prisen, og sa seg lei for at ho ikkje kunne vere med i Ælvespeilet for å ta i mot Fylkeskulturprisen.

– Eg synest det er frykteleg leit at eg ikkje får vera til stades i Porsgrunn i kveld. Det hadde vore mykje betre enn å synge i Oslo i kveld.

– Det er alltid gjævt med ein pris, men det er noko ekstra stort når ein får ein pris av sine eigne. Eg er veldig stolt over å vera frå Telemark, og veldig takknemleg.

– Hadde ikkje eg kome frå staden eg kjem frå, og vakse opp i det jordsmonnet eg vaks opp i, så hadde eg ikkje vore den eg er i dag. Og kome så langt som eg har kome. Så tusen takk Telemark, sa Ingebjørg Bratland.

Og lova å koma til Telemark snart. Den 17. februar kjem Ingebjørg Bratland til Rjukan (utselt), den 20. februar er det konsert i Ibsenhuset (utselt), 18. mars i Gullbring i Bø og 20. mars i Vinjehuset i Vinje.

Les også: Julekonsert med Ingebjørg Bratland