Hopp til innhold

– Må lære å handtere konflikter

Mattilsynet må lære om konflikthandtering før ordninga med smilefjes og sure fjes blir innført, meiner erfaren restaurantdrivar.

Smilefjeskampanjen er en suksess

Mattilsynet har prøvd ut ordninga med smilefjes i Trondheim og Kristiansund. Snart vil den gjelde for heile landet.

Foto: Brage Stenberg Johnsen / NRK

Frå 1. januar neste år skal alle norske serveringsstader vurderast med smilefjes av Mattilsynet.

Ordninga har vore prøvd ut i Trondheim og Kristiansund, og alle serveringsstader har vore tvunge til å sette opp ein plakat etter at Mattilsynet har vore på tilsyn.

Her blir dei vurdert på hygiene og mattryggleik, og får smilefjes når alt er i orden, og sure fjes når Mattilsynet ikkje er nøgd.

Robert Lind

Robert Lind har vore lenge i restaurantbransjen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Robert Lind, driver åtte spisestader i Telemark, Buskerud og Vestfold og har vore i restaurantbransjen i nærmare 30 år.

– Eg er redd for å sette bedrifter i ein gapestokk. For har du hatt det skittent den dagen Mattilsynet kom på kontroll, så vil du vaske til neste dag, seier Lind.

Han er litt lei av stadig nye reglar i bransjen, både når det gjeld skjenketider og opningstider. Lind meiner Mattilsynet heller bør hjelpe folk til å få betre hygiene.

Vil skjerpe seg litt

Lisbeth Pettersen, Mattilsynet

Lisbeth Pettersen i Mattilsynet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Lisbeth Pettersen, koordinator for mat, i Mattilsynet avdeling Telemark, trur ordninga med smilefjes kan føre til at dei som er nest best i klassen kjem opp eit hakk.

– Det vil føre til at bedriftene vil skjerpe seg litt, for alle ønsker å få eitt smilefjes. Så eg trur at dette vil gjere alle litt betre, seier Pettersen.

– Men kan ikkje eit surt fjes hindre folk i å velje denne restauranten. Og eit dårleg rykte blir spreidd fort?

– Nei. Det ønskjer vi ikkje. Men i tida fram til 1. januar vil bransjen få informasjon og rettleiing. Og vi er opne på kva vi kjem til å sjå på når vi er på inspeksjon, seier Pettersen.

Surt fjes fra Mattilsynet

Mattilsynet skal lærast opp til å takle dei som får sure fjes.

Foto: NRK

Bør trene på konflikthandtering

Difor meiner Mattilsynet at restaurantane får ein sjanse til å førebu seg på det som kjem til å kome.

– Vi som har det reint og fint, vil alltid ha det slik. Men det kan slå begge vegar, trur eg, seier Lind.

Sidan smilefjeset blir delt ut på staden etter ein inspeksjon, så håpar Lind at Mattilsynet har trent på konflikthandtering.

– Det kan bli ein del restauranteigarar eller kjøkensjefar som ikkje heilt skjønar det om dei får eit surt fjes, seier Lind.

– Det blir ei utfordring for Mattilsynet, men vi skal få opplæring slik at vi blir trygge i dei vurderingane vi skal gjere, seier Pettersen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark