Hopp til innhold

Kranglar om kven som eig Gaustatoppen

Oslo tingrett skal avgjere kven som skal eige det populære turistmålet Gaustatoppen i Telemark.

Gaustatoppen i morgensol

KVEN EIGER FJELLET: Gaustatoppen i Tinn kommune er eit populært turistmål. Nå skal Oslo tingrett ta stilling kven som får eige toppen av fjellet.

Foto: Helge Søfteland

Gaustatoppen er det mest populære turmålet i Telemark og blir kvart år besøkt av over 80.000 menneske.

Tre grunneigarar har gått til rettssak mot staten for å få kjøpe tilbake området rundt Gaustatoppen etter at forsvaret avvikla sitt anlegg.

Onsdag var det siste dag rettssaka om kven som skal eige Gaustatoppen i Oslo tingrett.

Vil kjøpe tilbake Gaustatoppen

Svein Harald Lunden

Grunneigar Svein Harald Lunden har gått til rettssak mot staten.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Grunneigar Svein Harald Lunden, som er ein av arvingane til grunneigarane som selte til staten, meiner dei har rett til å få området tilbake.

– Vi meiner at saka er klinkande klar. Det er i utgangspunktet grunnarealet som vi ønskjer å få tilbake, seier Lunden.

Dei tre grunneigarar har gått til rettssak mot staten for å få kjøpe tilbake området staten og forsvaret overtok til sine Nato- anlegg i 1955.

Rettssaka handlar om det offentlege ved Direktoratet for naturforvalting eller private skal eige det populære turistområdet rundt Gaustatoppen etter at forsvaret la ned sine anlegg.

Tinn kjøpte fjellanlegget

Bjørn Sverre Birkeland

Ordførar i Tinn Bjørn Sverre Birkeland

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ordførar i Tinn, Bjørn Sverre Birkeland, seier at det var da Tinn kommune kjøpte fjellanlegget at diskusjonen om eigedomsretten starta.

– Tinn kommune er ein tredjepart som er kome litt uheldig ut i jussen, utan at vi meiner vi har gjort noko gale, seier Birkeland.

For dei tre grunneigarane er dette ei prinsipiell sak.

– For oss er dette ei prinsipiell sak om grunneigarar har rett til å kjøpe tilbake eigedomar når dette er avtalt i den tinglyste kontrakten i 1955, seier Lunden.

Han meiner det er sjølvsagt at tinglyste kontraktar er bindande og skal haldast.

Har ikkje selt fjellområdet

Fredrik Sejersted, advokat

Regjeringsadvokat Fredrik Sejersted.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Men staten og regjeringsadvokat Fredrik Sejersted er einig i at grunneigarane har ein slik forkjøpsrett til toppen av Gaustatoppen.

– Staten har selt fjellanlegget til Tinn kommune. Men staten har framleis eigedomsrett til utsida av fjellet. Og det er heilt bevisst, fordi staten meiner det er viktig at toppen av fjellet framleis er eigd av det offentlege, seier Sejersted.

Staten hevdar arealet rundt Gaustatoppen blei overført til Direktoratet for naturforvaltning etter at Tinn kommune kjøpte forsvarsanlegget med den populære og spektakulære Gaustabanen som går inne i fjellet og opp til toppen.

Allemannsretten vil gjelde

Advokat Olav Felland

Advokat Olav Felland fører saka for grunneigarane mot staten.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Grunneigarane meiner eit privat eige ikkje vil vere til hinder for at folk kan bruke område rundt Gaustatoppen slik dei alltid har gjort.

– Heile området er utmark og det er allemannsretten og naturlova som styrer det. Alle vil kunne gå til Gaustatoppen som dei alltid har gjort, seier Lunden.

Han viser til at turistforeininga si hytte på toppen også er skilt ut på eiga tomt

Regjeringsadvokat Sejersted meiner saka juridisk sett er enkel, fordi forkjøpsretten til grunneigarane ikkje er utløyst.

– Men saka er interessant, fordi det handlar om ein av dei flottaste fjelltoppane i Norge, seier Sejersted.