Presten i Brunkeberg kyrkje har bytta ut den tradisjonelle oblaten til nattverden i kyrkja denne påska. Oblaten er bakt på bakeriet til diakonissehuset i Oslo.
Men denne påska vil kyrkjelyden få servert flatbrød frå den lokale produsenten i Morgedal.
– Vi har jo eit lokalt bakeri, og då tenkte eg at vi må jo kunne bruke det, seier soknepresten Torstein E. Nordal.
Har fått lov av biskopen
Med velsigning frå biskopen og soknerådet kunne soknepresten sette seg i bilen og køyre den korte turen til Skreppa AS i Morgedal.
I den nedlagde barnehagen blir det laga flatbrød etter ei lokal oppskrift som blir pakka og sendt ut til butikkane.
– Ideen kom i første rekkje på kyrkjelydsfakultetet, der det var ein annan prest frå Skjåk i Gudbrandsdalen som hadde brukt eit lokalt brød i sin kyrkjelyd, seier Nordal.
Den gongen tenkte Torstein E Nordal at han gjerne ville bli prest ein stad der dei hadde eit lokalt flatbrød.
Ein god tanke
– Og då eg kom hit i august som sokneprest hadde eg med meg ideen, og vil gjerne spørje soknerådet om det var mogleg at Brunkeberg kyrkje kunne servere flatbrød frå Skreppa på skjærtorsdag i påska, seier Nordal.
I nattverden er brødet eit symbol på Jesus sin kropp, og som skal brytast i bitar til dei som vil dele det.
– Det er veldig høgtidleg dette her. Og ein utruleg god tanke som soknepresten har her, seier Inger Marie Bakås, salssjef i Skreppa AS.