Hopp til innhold

11-åring til sjukehus med kuttskader

Ein lastebil og ein personbil har kollidert på Vallermyrene i Porsgrunn.

Kollisjon Vallermyrene

Personbilen blei påkjørt av ein lastebil på Vallermyrene i Porsgrunn.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Nødetatene er på staden, og det skal bare vere snakk om mindre personskader på ein passasjer i personbilen.

– Ei jente på 11 år i personbilen har fått kuttskader, og er kjørt til sjukehuset for behandlinga av skadene, seier operasjonsleiar Marit Broby Hynne.

Kollisjonen skjedde i nærleiken av Engerfeltet cirka kvart på ti.

– Personbilen var på veg sørover, då det kom ein laste bil ut frå Engerfeltet, seier Broby Hynne.

Fekk førarkortet beslaglagt

Operasjonsleiaren fortel at lastebilen ikkje har halde vikeplikta i krysset.

– Lastebilsjåføren har nok vore uoppmerksam ein augneblink, seier Broby Hynne.

Føraren av personbilen var ein mann på 69 år. Ei jente på 11 år som var passasjer i bilen fekk kuttskader i kollisjonen og er kjørt til sjukehuset.

Føraren av lastebilen fekk førarkortet mellombels beslaglagt.

Kollisjon på Vallermyrene

Nødetatane var på plass etter kollisjonen, men det var bare mindre personskader.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK