Hopp til innhold

Kan bli ekstra skule etter streiken

Korleis skal elevane ta igjen tapt undervisning når lærarstreiken er over? Det er eit tema som blir meir og meir aktuelt for kvar dag som går med lærarstreik.

Elev får undervisning
Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

I Bergen vil dei fjerne haustferien for å ta igjen tapt undervisning. Men det er ikkje aktuelt i Skien og Porsgrunn, seier kommunalsjefane.

Rektor ved Olsviksåsen vidaregåande skole, Inger-Lise Thorstensen, foreslår å fjerne haustferien for å ta igjen tapt undervisning.

Ho seier til Bergensavisa at ei veke intensiv skole i haustferien vil hjelpe mykje for elevane, og får også støtte frå elevane sjølve.

Ser på løysingar for elevane

Kommunalsjef for oppvekst i Skien, Grete Gjelten seier det spørsmålet ikkje har vore drøfta fram til no.

Grete Gjelten

Grete Gjelten er kommunalsjef i Skien.

Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK

– Så det må eg svare nei på, førebels.

Men i Skien ser dei på løysingar for korleis elevane kan ta igjen tapt undervisning når streiken er over.

– For etter lova er elevens rett til undervisning veldig sterk, seier Gjelten.

Kommunalsjefen viser til at skuleruta for elevane er lagt for dette skuleåret, og at ein streik vil alltid ramme nokon.

– Elevane misser undervisning. Og vi må undersøke det juridiske i forhold til den retten dei har, og korleis vi skal nå måla i kunnskapsløftet, seier Gjelten.

Ekstra kurs i kjernefag

Kommunalsjef i Porsgrunn Inger Lysa har også starta arbeidet med korleis kommunen skal kunne hjelpe elevane når streiken er over.

Inger Lysa

Inger Lysa er kommunalsjef i Porsgrunn.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

– Det er veldig trist at dei har mista så mykje undervisning, og vi tar til å bli uroa for konsekvensane av det, seier Lysa.

Førebels har kommunen ikkje drøfta spørsmålet om å inndra haustferien.

– Det er kreativt, og vi er innstilt på å snu steinar for å finne ut kva vi kan gjere, seier Lysa.

Ho seier at det er drøfta korleis undervisninga kan bli forsterka, og meiner det kan bli gjort på fleire måtar.

– Til dømes kan vi tilby leksehjelp med kvalifisert personale. Eller ekstra kurs i viktige fag, og vi må sjå på om fridagar kan brukast på ein eller annan måte, seier Lysa.

Undervisning på laurdag

Grete Gjelten seier det blir viktig at lærarane følgjer læreplanen etter at streiken er over. Og her er det nyansar i målformuleringar og forskjellar i måten elevane skal lære.

– Derfor blir det viktigare enn nokon gong at lærarane har fokus på det elevane skal lære, seier Gjelten.

Førebels har ikkje Skien kommune ein plan for korleis dette skal gjerast, fordi kommunen også vil ha lærarane tilbake på skulen, slik at dei kan vere med på planlegginga.

– Men vi kan til dømes vurdere skule om ettermiddagen og på laurdagar, seier Gjelten.

Innkallar til foreldremøte

Inger Lysa seier at Porsgrunn kommune for tida er opptekne av kva elevane kan kome i gang med av skulearbeid under streiken.

Foreldre ved dei streikeramma skulane i Porsgrunn er invitert til eit møte måndag 1. september.

– Der er vi førebudd på å svare på spørsmål, og gje råd og tips til foreldre som ønskjer at elevane skal kome i gang på eiga hand, seier Lysa.

Ho seier at det for kvar dag som går med lærarstreik, blir det meir og meir aktuelt å kome med tiltak.