Hopp til innhold

Mange røysta over ny kyrkje

PORSGRUNN (NRK): Det blei fleirtal for rekonstruksjon av Østre Porsgrunn kyrkje under avrøystinga søndag.

Her blir stemmene telt opp i avstemningen av ny kirke i Porsgrunn.

I alt 336 røysta, og av dei sa 205 ja til ein rekonstruksjon. Dette fleirtalet ønskjer også å stoppe planarbeidet med den nye kyrkja.

Enormt engasjement

Gunnar Johannes Torgersen og Inger Elisabeth Solem hadde tatt turen heilt frå Oslo for å vera med på diskusjonen om kopi eller nytt kyrkjebygg.

Dei var båe samde med Aasmund Beier-Fangen, som meiner at kopi av den gamle tømmerkyrkja er det einaste rette.

Gunnar Johannes Torgersen, Elisabeth Solem og Åsmund Beier Fangen

Desse tre var einige om at det er kopi av den gamle kyrkja som gjeld.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Vil ha nymoderne kyrkje

På kyrkjebakken i dag vart det snakka om at ei sterk gruppe har overkøyrt folk i kyrkjesaka. Ei gruppe som er lite lydhøyre, og køyrer gjennom sitt syn uansett.

– No har folk tatt til motmæle. Avrøystinga gjer det vanskeleg å køyre på med kostbar planlegging ut frå arkitektteikninga som vann konkurransen om ny kyrkje på, hevdar folk NRK snakka med.

Alvorleg avrøysting

Det tok lang tid å gjennomføre valet for godt over tre hundre ville sei si meining.

Foto: Per Solli / NRK

Representativt demokrati i praksis

– Vi bygger eit kyrkjeprosjekt til 100 mill kroner. Det er våre friviljuge tillitsvalde som gjer hovudarbeidet, seier Ørnulf Paulsen.

Han fortel at folk har vorte høyrde og innkalla til kyrkjelydsmøte ved alle avgjerdspunkt.

– Dette er representativt demokrati i praksis. Eg har svært lite til overs for dei som kritiserer desse friviljuge, seier Paulsen.

Han seier at prosessen er hardt arbeid for mange involverte friviljuge. Og dette er like imponerande som aksjonistar som er mobiliserte for å lage bråk frå Oslo.

Telling av stemmer Østre Porsgrunn kirke

Dei som talde opp stemmene, representerte båe leirar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Alle har fått eit ord med i laget

Det var i alt 125 personar som røysta mot rekonstruksjon, folk som vil ha ei ny og moderne kyrkje som eignar seg for moderne kyrkjelydsarbeid.

Dei som ville ha andre løysingar, kunne sørgja for at slike teikningar kom med i arkitektkonkurransen. Det har dei ikkje gjort, no er det for seint.

Mange av dei som vil ha ein kopi, er folk som ikkje går så mykje i kyrkja, det er folk som ikkje veit kor viktig moderne fasilitetar er, hevdar tilhengarar av eit nytt og moderne kyrkjebygg.

Nokon juksa

Denne saka var så viktig, og har skapt så mykje engasjement at nokon juksa for å få fleire røyster for sitt syn. Seks røyster blei forkasta.

Debatten om det nye kyrkjebygget i Porsgrunn fekk ein ny kveik denne sundagen.

Nye Østre Porsgrunn kirke

Kyrkja som vann arkitektkonkurransen.