Hopp til innhold

Gutt stukken av skorpion på Fjordline

Ein gut skal ha blitt stukken av ein skorpion om bord på Fjordline si ferje mellom Hirtshals og Langesund.

MS Bergensfjord til Langesund

Bergensfjord kjem forsinka til Langesund etter å måtta returnere til Hirtshals i dag. Ferja er venta inn til Langesund kl. 14.45.

Foto: Susanne Flølo / NRK

På danskebåten som går mellom Hirtshals og Langesund skal ein skorpion ha stukke ein gut kort tid etter avreise frå Danmark. Dette medførte at båten måtte snu, skriv Dagbladet på nett.

– Vi måtte snu og køyre tilbake til Hirtshals for å få guten til legevakta, seier passasjer John Georg Johansen til Dagbladet.

Det skal ha gått bra med guten som blei stukken, ifølgje kaptein om bord.

Leitar etter dyret

Gert Balling, adm, dir. Fjordline Danmark

Gert Balling seier at guten er frakta til sjukehus og har det bra

Foto: Gert Laursen

Båten er nå på veg tilbake til Langesund, men skorpionen er framleis ikkje funnen. Kafeteriaen der guten skal ha blitt stukken er nå stengt for passasjerar, mens mannskapet om bord leiter etter det eksotiske dyret.

Korleis skorpionen kom seg laus er ikkje kjent, men det blir spekulert i at den kraup unna då nokre passasjerar skulle vise den fram.

Frakta til sjukehus

Ifølge Berlingske Tidende skal kapteinen ha tatt kontakt med Radio Medical, som er ansvarleg for å sette danske sjøfolk i kontakt med leger, for å finne ut korleis dei skal handtere saka.

Etter kort korrespondansen skal båten ha snudd slik at guten kunne bli frakta til sjukehus i ambulanse.

– Guten er frakta til sjukehus og har det bra, seier Gert Balling, administrereande direktør i Fjordline Danmark til NRK.

Han fortel at guten blei bært frå ferja, og var veldig utrygg. Balling fortel at Fjordline gjer alt dei kan for å finne eit edderkoppdyr som kan vise seg å vere ein skorpion.

Fekk eit stikk

– Vi trur det er ein skorpion som har stukke guten, men det er ikkje stadfesta eller avkrefta, seier direktør i Fjord Line Danmark, Gert Balling til Dagbladet.

Det er ein åtte år gammal gut som har fått eit eit bitt. Nokre vaksne meiner dei ser eit skorpionliknande dyr som spring vekk.

– Etter avgang frå Hirtshals klokka 9.30 kom vi ikkje lenger ut enn til moloen, før kapteinen plutselig blir kontaktet av ein familie, der ein åtte gammel gut har fått eit bitt. Det er flere personer som fortel at dei har sett eit skorpion liknande dyr, seier Gert Balling til NRK Telemarksendinga.

Han kan ikkje bekrefte at der er snakk om ein skorpion, men guten har fått eit bitt.

– Det er heilt tydeleg, og fleire fortel at det er snakk om ein skorpion, seier Balling.

Eit skadedyrfirma vil gå ombord i ferja når den kjem til Langesund for å gå grundig gjennom kafeteriaen og ferja.