Hopp til innhold

Fryktar steroidebruk blant ungdomsskuleelevar

Etter å ha høyrt om mogleg steroidebruk blant elevar på den lokale ungdomsskulen, tok styrkeløftaren Jørn Harald Høibø grep.

Jørn Harald Høibø instruerar

INSTRUERER: Jørn Harald Høibø (t.h) gjev Marius Innleggen Langkås råd om korleis han bør trene.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Da eg såg innlegget vart eg sjokkert, for eg hadde aldri høyrd om det, seier Ole Martin Østbø.

Han og kameraten Marius Innleggen Langkås er i gang med styrketreningsøkta i Bø. Ei treningsform dei begge har haldt på med i nesten eitt år. Dei har lenge trent for seg sjølv, men nyleg fekk dei ein mentor med på laget.

Styrkeløftaren Jørn Harald Høibø følgjer no gutane i treninga deira og gjer dei råd og oppfølging til korleis dei bør trene. Høibø har mange år med erfaring, og er blant anna utdanna personleg trenar, og utøvar innan idretten styrkeløft. Opplegget er heilt gratis.

Jørn Harald Høibø

UROA: Styrkeløftar Jørn Harald Høibø vart forferda da han høyrde om mogleg bruk av anabole steroider på Bø ungdomsskule.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Dette tilbodet annonserte Høibø på Facebook i april, og det var dette innlegget som sjokkerte Ole Martin Østbø. Høibø hadde nemleg ei heilt spesiell årsak til å ville engasjere seg i treningsrutinane til den lokale ungdommen.

Eg snakka med ein av dei lokale ungdommane her på gymmen, og han sa at det var bruk av anabole steroider på ungdomsskulen i Bø. Det at så unge folk brukar slikt for å sjå bra ut på stranda om sommaren tykkjer eg er forferdeleg, seier Høibø.

Høibø håpar at opplegget hans kan vere med på å vise ungdommen at ein ikkje treng å bruke anabole steroider, men at ein kan nå måla sine på ein rein og naturleg måte.

Ole Martin Aabø Østbø

LIKAR STYRKETRENING: Ole Martin Østbø trivst godt med styrketrening.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Aukande kroppspress

Rektor ved Bø ungdomsskule seier til NRK at dei ikkje har nokon konkrete erfaringar med doping blant elevane, men at ein sjølvsagt ikkje kan sjå bort frå at noko slikt skjer i det skjulte. Han er derfor positiv til at Høibø set i gang eit slikt førebyggande tilbod.

Avdelingsleiar for førebygging og folkehelse i Antidoping Norge, Fredrik Lauritzen, erfarer at doping er meir skjult no enn før.

– Me har jo kjelder i miljøet som fortel at doping har blitt meir skjult etter at lovforbodet kom i 2013, seier Lauritzen.

Fredrik Lauritzen

LIKAR IKKJE TENDENSANE: Avdelingsleiar for førebygging og folkehelse i Antidoping Norge seier at mykje tyder på at fleire dopar seg i samband med trening.

Sjølv om det ikkje eksisterer nokre nasjonale studiar på dopingbruk over tid, tyder likevel mykje på at doping har blitt vanlegare.

Tollvesenet gjer aukande beslag og politiet får inn fleire saker som omhandlar dopingbruk. Det kjem også fleire bekymringsmeldingar frå treningssentera og me får også fleire førespurnader her i Antidoping Norge, seier Lauritzen.

Jørn Harald Høibø trur eit aukande fokus på kropp, og presset som følgjer med, er ei stor årsak til at unge vel å dope seg.

– Slik det har blitt med sosiale medium og liknande, er eg ikkje i tvil om at 15-åringar i dag kjenner på eit mykje større kroppspress enn det ein gjorde for 10 år sidan, seier Høibø.

Jørn Harald Høibø

KROPPSPRESS: Jørn Harald Høibø er glad for at han ikkje vaks opp med det kroppspresset som er i dag.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark