Hopp til innhold

Marianne døden nær av for mykje vatn

Bare flaks redda livet til Marianne Lande Hallingskog som drakk seks-sju liter vatn i løpet av ein kveld.

Marianne Lande Hallingskog

Marianne Lande Hallingskog var bevisstlaus i eitt og eitt halvt døgn på sjukehuset.

Foto: Privat

Det skjedde på ein fest 1. juledag hos venner etter ein familiemiddag. For å ikkje bli berusa og få ein dårleg dagen derpå med vondt i hovudet, så drakk Marianne vatn frå ein karafel tappa frå springen ved sida av eit glas med vin.

Etter kvart blei det berre vatn i glaset, og det blei mange karaflar med vatn.

I ettertid hugsa ho ikkje så mykje av det som skjedde seinare på kvelden. Men ho blei dårleg og kasta opp. Sambuaren merka at det blei vanskelegare å få kontakt med Marianne etter at dei kom heim.

(Artikkelen fortset under biletet)

Marianne Lande Hallingskog

Marianne opplevde at reint friskt vatn i alt for store mengder kan vere livstrugande om du drikk det på kort tid.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Til slutt fekk han ikkje liv i ho, og det kom rykningar i kroppen. To gonger i løpet av natta ringte sambuaren til legevakta, men først om morgonen dagen etter blei ei bevisstlaus Marianne frakta til sjukehuset i ambulanse i all hast.

Der var ho bevisstlaus i eit og eit halvt døgn, medan ho fekk tilført væske intravenøst.

– Eg hadde vatn i glaset i staden for alkohol, og så blei det meg som enda opp på sjukehuset, seier Marianne Lande Hallingskog.

I ettertid har ho fått vite at det kan vere snakk om 6-7 liter vatn i løpet av kvelden. Og det som ho trudde var klokt og fornuftig, viste seg å vere livstrugande.

– Du tenker jo ikkje på at vatn kan vere farleg, men det veit eg no.

For lite salt kan ta liv

Spesialist i indremedisin og nyresjukdomar ved Sjukehuset Telemark, Kristian Heldal, seier at det som skjer når kroppen får tilført så mykje vatn i løpet av kort tid, er at blodet blir tynna ut.

Kristian Heldal, Sjukehuset Telemark

Kristian Heldal seier at for mykje vatn tynnar ut saltbalansen i blodet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Det betyr at saltinnhaldet i blodet blir mykje mindre enn det er til vanleg. Det kan få alvorlege konsekvensar i forhold til saltbalansen, og i verste fall vere livstrugande, seier Heldal.

Han fortel at kroppen får ein overbelastning av væske som ikkje inneheld salt. For at det skal skje må du drikke fem-seks liter i løpet av få timar. Vatn i seg sjølv er ikkje farleg, om du drikk eit par liter i døgnet.

– Til vanleg vil nyrene klare å sørge for rett saltbalanse i blodet. Men når belastninga med væske på kort tid blir for stor, så klarar ikkje nyrene det, for dei treng litt lenger tid, seier Heldal.

Blir bevisstlaus og kan få kramper

Saltkonsentrasjonen i blodet ligg vanlegvis på rundt 140 mmol/L. Heldal seier at viss saltkonsentrasjon fell nedover til verdiar under 115 til 110 mmol/L, så kan det vere alvorleg.

– I verste fall blir du bevisttlaus og kan få kramper. Og då er det viktig å kome fort til sjukehuset, seier Heldal.

På sjukehuset kan det bli tatt prøver og legane kan finne ut kva som feiler pasienten. Litt avhengig av kva som er årsaka vil legane kunne tilføre salt og korrigere saltbalansen.

– Det som kan bli eit stort problem er dersom pasienten har ligge med låg saltkonsentrasjon over lang tid. Då må korrigeringa av saltkonsentrasjonen gjerast sakte og over lang tid, for å unngå skader, seier Heldal.

For når saltet forsvinn ut av kroppen, så kan hjernen svulme opp. Difor er det viktig å kome fort til behandling på sjukehus.

Hadde flaks som kom på sjukehus

Marianne Lande Hallingskog

Marianne Lande Hallingskog har lært å drikke vatn med måte.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Marianne blei lagt inn på intensivavdelinga ved Sjukehuset Telemark. Der vakna ho etter eitt og eit halvt døgn.

– I ettertid har eg lest at saltinnhaldet i blodet var litt i underkant av det som kan vere dødleg, seier Lande Hallingskog.

Ho blei liggande på sjukehuset i tre-fire dagar, mens saltinnhaldet i blodet blei korrigert. Etter det gjekk ho regelmessig til fastlegen for å ta blodprøver og måle saltinnhaldet i blodet.

Det tok mange veker før ho kom tilbake i sin vanlege form. Og familien frykta ei tid for at ho hadde fått varig mén.

I ettertid er ho overraska over at ho har klart å få i seg så mykje vatn som seks-sju liter på tre-fire timar.

– I dag har eg det veldig bra, seier Lande Hallingskog.

Av fastlegen har ho fått råd om å spise meir salt, og drikke mindre vatn. Og ei stund målte Marianne også kor mykje vatn frå springen ho drakk i døgnet.

– Nå to år etterpå klarar eg å sjå humoren i det. At det var eg som drakk vatn på festen som enda opp bevisstlaus på sjukehuset, seier Lande Hallingskog.