Hopp til innhold

Slår alarm om useriøse utleigarar

Det er fleire useriøse utleigarar i bustadmarknaden i Porsgrunn. No vil kommunen forsøke å rydde opp etter dødsbrannen i fjor.

Morten Næss, Porsgrunn kommune

Kommunalsjef Morten Næss i Porsgrunn kommune vil rydde opp i utleigemarknaden.

Foto: Anne Lognvik / NRK

I oktober i fjor omkom ein polsk tobarnsfar i ein dødsbrann i Knardalstrand i Porsgrunn. Brakka han budde i var ikkje godkjent som bustad.

Les også:

Etter det har Porsgrunn kommune undersøkt utleigemarknaden, og funne fleire ulovlege forhold, seier kommunalsjef for by- og kulturutvikling Morten Næss.

Sjansen for å bli oppdaga er forsvinnande liten, og utleige kan vera særdeles god butikk. Men etter dødsbrannen har politikarane i Porsgrunn bede om at det blir rydda opp i utleigeverksemda i kommunen.

Stein Bungum, adm.dir Fossum AS

Stein Bungum, direktør i Fossnes AS.

Foto: NRK

– Vi har hatt ein tragisk brann i Knardalstrand, og det er klart det er svært ille når det blir ein slik tragedie, seier Næss.

Sjekkar branntryggleiken

I utgangspunktet forsøkjer kommunen å få utleigarar til å utbetre slik at bustadane stettar dei krava lov og forskrifter set. Nyttar ikkje det, blir sakene meldt til politiet.

– Det er særleg branntryggleiken vi ser etter, seier Næss.

Det har ikkje lykkast NRK å kome i kontakt med dei utleigarane som kommunen meiner leiger ut mangelfulle eller ulovlege bustader.

Morten Næss, Porsgrunn kommune

Morten Næss i Porsgrunn kommune.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Firmaet Fossnes A/S driv med såkalla desentraliserte asylmottak i seks norske byar, blant dei Porsgrunn. Dei leiger ei rekkje bustader i Porsgrunn, og seks av bustadene står no på kommunen si liste.

Dagleg leiar Stein Bungum i Fossnes kjenner ikkje til dette.

– Det er veldig ny informasjon for meg. Eg har ikkje fått melding om at det er fem-seks saker som handlar om bustader vi leiger inn, seier Bungum.

Har ikkje tatt kontakt

Bungum undrar seg over at kommunen ikkje tek kontakt med dei som er leigetakarar.

– Når vi leiger hus i ein kommune der vi driv mottak, så har vi ein leigekontrakt der det blir presisert at alt skal vere i orden og godkjent i kommunen. I tillegg sender vi lister til kommunen over alle bustader som vi leiger for at kommunen skal kunne kome med merknader, seier Bungum.

Tormod Stavenes

Tormod Stavenes, UDI.

Foto: NRK

Morten Næss i kommunen seier at dette fyrst og fremst er ei sak mellom utleigar og kommune.

– Vi har sett at eit bygg som har fått lov til å innreie to husvære, har hatt fem husvære når vi har vore på inspeksjon. Og det har vi også fått stadfesta av flyktningmottaket som leiger ut bygget, seier Næss.

Fann ulovlege bustader

Bungum seier at dei har vore i kontakt med kommunen om desse bustadene.

– Når vi fekk vite at det var problem med desse husværa, så flytta vi ut av tre husvære og nå leiger vi berre vi berre ut dei to som det ikkje skal vere noko problem med, seier Bungum.

Det er UDI som betalar Fossnes A/S for å skaffe hus til asylantane blant anna i Porsgrunn. UDI krev at bustadene skal vera godkjende, men dei ber ikkje om dokumentasjon i kvar enkelt sak seier regiondirektør Tormod Stavenes.

– Det skal leggast fram dokumentasjon på at bustader er godkjent av kommunen, seier Stavenes.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark