Rita Kilvær - Politimeister i Telemark, Rita Kilvær, presenter ei ny undersøking som viser at innvandrargruppene i Telemark er overrepresentert på dei fleste kriminalitetsområde. - Foto: Haakon Wærstad / NRK

Politimeister i Telemark, Rita Kilvær, presenter ei ny undersøking som viser at innvandrargruppene i Telemark er overrepresentert på dei fleste kriminalitetsområde.

Foto: Haakon Wærstad / NRK

Her er innvandrerbefolkninga overrepresentert i kriminalstatistikken

I forhold til folketalet er innvandrarbefolkninga i Telemark overrepresentert på dei fleste kriminalitetsområde. Det viser ei undersøking utarbeida for politiet i Telemark.

Ei brei analyse frå politiet i Telemark viser at innvandrarbefolkninga er overrepresentert på kriminalstatistikken i forhold til eigen befolkningsstorleik.

Med meir kunnskap om kriminalitet i innvandrarbefolkninga, får politiet og samfunnsaktørane betre grunnlag for å integrere og førebygge betre.

Politimeister Rita Kilvær ser særleg alvorleg på auken av familievald i minoritetsmiljøa.

– Det er tre gonger så mange som enten er ofre for familievald eller utøver familievald, seier Kilvær.

Les rapporten her: Politirapport om kriminalitet blant innvandrarar

Årsakene til kriminalitet er samansett.

– Men vi veit at det ikkje er knytt til etnisitet eller bakgrunn. Det er knytt til sosiale forhold som skule, utdanning, jobb og fysisk og psykisk helse og så vidare, seier Kilvær.

Nokon grupper skil seg ut

Rita Kilvær, konstituert politimester i Telemark - Rita Kilvær, politimeister i Telemark. - Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Rita Kilvær, politimeister i Telemark.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Generelt for Telemark som i landet elles er det kosovoalbanarar, irakarar, serbarar og somaliarar som skil seg ut. Stikkorda er kriminalitet knytt til vald, vinning og narkotika.

– Utfordringa er å hjelpe desse gruppene til å føle betre tilknyting til landet og byen dei bur i, seier Kilvær.

Kilvær meiner det blir viktig å gje denne kunnskapen til dei som driv med integreringsarbeid. Anten det er kommunen, NAV eller skule og helse. Slik at desse blir i stand til å ta rette val for korleis dei vil arbeide mot denne delen av befolkninga.

– Kva med politiet sitt arbeid. Er det godt nok i denne samanhengen?

Mariann Deila Bryn - Strategisk analytikar ved Telemark politidistrikt, Mariann Deila Bryn. - Foto: Øystein Økter / NRK

Strategisk analytikar ved Telemark politidistrikt, Mariann Deila Bryn.

Foto: Øystein Økter / NRK

– Undersøkinga har også sett på om politiet opptrer annleis mot minoritetsgrupper enn mot den vanlege norske befolkninga. Det er mykje som tyder på at vi også treng å få meir kunnskap for å kunne møte denne delen av befolkninga på ein betre måte, seier Kilvær.

Tjuveri og familievald

Den nye rapporten frå politiet viser at tjuveri og familievald er langt meir utbreitt blant innvandrarar i Telemark enn blant resten av befolkninga.

Det er strategisk analytikar, Mariann Deila Bryn, ved Telemark politidistrikt som har laga undersøkinga for politiet.

I rapporten kjem det fram at innvandrarar er tre gonger så ofte som andre registrert for familievald.

Ana Lopez - Ana Lopez Taylor - Foto: Unspecified /

Ana Lopez Taylor

Foto: Unspecified

Kvart femte barn som er offer i ei valdsak som er meldt til politiet i Telemark har innvandrarbakgrunn, og innvandrarane er dobbelt så ofte registrert for vinningskriminalitet, vald og truslar.

– Det som overraskar meg mest er valdstala. Og då særleg at det er så mykje familievald, seier Deila Bryn.

Ana Lopez Taylor i Telemark innvandrarråd meiner tala som kjem fram i denne undersøkinga er skremmande lesing.

– Eg er veldig bekymra for det som kjem fram i desse tala. Det er overraskande, seier Lopez Taylor.

TV og radio

Geir Arne hylles på jobben
Frykter for de aller sykeste barna
Mange unge sliter psykisk

Flere nyheter

Se alle sendingene fra NRK Østafjells

NRK Østafjells logo

NETT-TV: NRK Østafjells

Radiosendinger

Kurér radio - Foto: Billy Jacobsen /
Foto: Billy Jacobsen

RADIO: Hør alle sendingene fra NRK Telemark