Hopp til innhold

Fann stole ordførarkjede i kontroll

Politiet har funne det stolne ordførarkjede til Skiens ordførar.

Hedda Foss Five

Ordførar Hedda Foss Five har fått tilbake ordførarkjede.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Operasjonsleiar Ådne Røilid ved Telemark politikammer fortel at ordførarkjede blei meldt stole frå ein bil mellom den 6. og 7. oktober.

Politiet fann tilbake ordførarkjede under kontroll av ein personbil søndag kveld.

– Det var ein bil som blei kontrollert i Porsgrunn, og der fant vi ordførarkjede, seier Røilid.

Hadde fått opplysningar

Politiet hadde ein aksjon for å finne tilbake det stolne ordførarkjede og det var i den samanhengen ordførarkjede blei funne.

– Vi hadde fått opplysningar som låg til grunn for at bilen blei undersøkt, seier Røilid.

Ordførarkjede til Skiens ordførar Hedda Foss Five blei stole under eit grovt tjuveri frå ein personbil.

Politiet gjennomførte fleire aksjonar søndag for å finne tilbake det stolne ordførarkjede ut frå opplysningar dei hadde samla inn.

– Ordførarkjede vil bli køyrt tilbake til ordføraren, seier Røilid.

Alt blei stole frå bilen

Ordførar Hedda Foss Five er glad for å få ordførarkjede tilbake i søndag kveld etter å ha gått rundt og samla inn pengar til TV-aksjonen.

Hedda Foss Five

Hedda Foss Five.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ordføraren har ikkje gått ut offentleg med at ordførarkjeda var stole etter råd frå politiet som sa dei hadde større sjanse til å lukkast om dei kunne få jobbe i fred.

– Eller ville eg nok gått ut med det for å få flest mogleg til å leite, seier Foss Five.

Det var under ein stopp i Porsgrunn etter eit oppdrag der ordføraren representerte Skien kommune med ordførarkjede det blei gjort innbrot i bilen til Hedda Foss Five.

– Alt av mine private eigendelar blei stole frå bilen. Ordførarkjede låg i ei veske som tjuvane tok med seg, seier Fosse Five.

Ordføraren trur ikkje tjuvane var ute etter å stele ordførarkjede for alt av private verdiar var borte frå bilen.

– Ordførarkjede har ein viktig symbolverdi, men materialane det er laga av har ikkje den store verdien. Men det er ikkje mitt, det er Skien kommune sitt og då er eg glad for at politiet klarte å få det tilbake, seier Foss Five.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark