Hopp til innhold

For slappe til å klage på treningssenter

Ei undersøking Forbrukarrådet har utført, viser at bortimot ein av tre er misnøgde med treningssenteret, og eit fleirtal av medlemmene klagar ikkje når noko går gale på senteret.

Ungdom trener seg syke

FOR FÅ KLAGER: Forbrukarrådet alt for få av dei som er misnøgde med forholda på treningssenteret dei går på forsøker å gjere noko med det.

Foto: NRK

Forbrukarrådet opplever at det er mange som ikkje er nøgde med avtalen eller forholda på treningssenteret dei går på. Men dei færraste seier frå eller leverer ein formell klage.

– Det er alt for få, så Forbrukarrådet ønskjer å vekke folk opp lite grann. Dersom du ikkje klager, får ikkje senteret sjansen til å gjere opp for seg, og du mister moglegheita til å få det du har krav på, seier regiondirektør jo Inge Bjørntvedt ved Forbrukarrådet i Buskerud, Telemark og Vestfold.

Av alle dei Forbrukarrådet har spurt i undersøkinga så er det om lag femti prosent som har ei meining om at det er ting ved treningssenteret som ikkje er så bra som dei ønskjer. Og av desse er det berre ti til femten prosent som går og seier ifrå, og melder klager.

Jo Inge Bjørntvedt

Jo Inge Bjørntvedt, regiondirektør i Forbrukarrådet for Buskerud, Telemark og Vestfold.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Mykje du kan klage på

Undersøkinga viser at ein av tre som klaga så løyste saka seg. Av dei som klaga til treningssenteret i undersøkinga, kom to av tre ingen veg da dei tok det opp.

Kva du kan be om, avheng av kva du er lovd, og kva som står i avtalen. Du kan også klage på andre ting ved tenesta, som for eksempel reingjering, meiner Forbrukarrådet.

– Kva du har rett til, kjem av kor stor feilen er. Har du for eksempel valt eit treningssenter fordi det låg rett ved jobben, kan du ha rett til å bryte avtalen viss det stenger. Du kan også klage om lokala er for møkkete, eller dusjen ikkje verkar. Da skal treningssenteret i første omgang gjere det godt igjen ved å vaske eller tilkalle røyrlegger, seier Bjørntvedt.

Forbrukarrådet kan hjelpe deg

Forbrukarrådet anbefaler at du klager skriftleg, og gir treningssenteret ein frist på fjorten dagar til å svare.

– Sjekk alltid kva som står i vilkåra til treningssenteret før du klager, så slipper du bomtur i skranken. Er det bindingstid, vil det stå i avtalen. Det same gjelder moglegheita til å sleppe å betale viss du blir sjuk og ikkje kan bruke treningssenteret på ei stund, seier Bjørntvedt.

Forbrukarrådet kan hjelpe deg om du ikkje kjem nokon veg.

– Vi vil ta opp klaga din med treningssenteret, og forsøke å få til ei løysing de begge er einige om, dersom medlemskapen ditt er kortare enn frå 1. juli 2015. Er det lengre, kan vi gi råd om andre måtar å løyse det på, seier Bjørntvedt.