Hopp til innhold

E134 førsteval over fjellet

Ferske tal frå vegstellet viser at E134 er bilistane sitt førsteval over fjellet mellom Austlandet og Vestlandet.

Haukelifjell

E134 er den mest populære fjellovergangen mellom aust og vest, viser tal frå Statens vegvesen.

Foto: Johs Apold / NRK

I siste utgåve av Vegen og vi går det fram at 27 prosent av bilistane vel E134 over Haukelifjell.

Riksveg 52 over Hemsedal kjem på andre plass med 23,6 prosent.

Årsdøgntrafikk mellom aust og vest

Veg 

ÅDT         Prosent 


E134 Haukelifjell 
Rv 52 Hemsedal 1230 23,6
Rv 15 Strynefjell 810 15,6
Rv 7 Hardangervidda 760 14,6
E16 Filefjell 655 12,5
RV 50 Hol-Aurland 350 6,9
 

1400        27
1230        23,6
810          15,6
760          14,6
655          12,5
350           6,9

Kilde: Statens vegvesen

Les også:

Mange vel Haukelifjell

Kjell Solheim

Kjell Solheim i Statens vegvesen.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Kjell Solheim i Statens vegvesen i Telemark er ikkje overraska.

– Tala er ikkje så veldig ukjente for oss, seier Solheim.

Han fortel at trafikktal har vist gjennom fleire år at om lag ein tredjedel av trafikken mellom aust og vest vel E134 over Haukelifjell.

– Årsaka til det er at E134 dekker det store Haugalandet i region Vest, og er viktig for fylke og kommunar, seier Solheim.

Les også:

Spennande tal for E134

Statssekretær i Samferdsledepartementet, Bård Hoksrud, seier dette er spennande tal for E134.

– Det er viktig for E134 at vi ser at trafikken aukar, og at regulariteten er høg. Og det er viktig at folk kan stole på at vegen er open og at dei kjem fram over fjellet, seier Hoksrud.

Bård Hoksrud, Frp

Bård Hoksrud, statssekretær i samferdsledepartementet.

Foto: Kurt Sivertsen

Han seier at det var noko av argumentasjonen frå den raudgrøne regjeringa då dei valde E16 over Filefjell som den aust-vest strekninga dei ville satse på.

Les også:

Stortinget avgjer

Det er lagt opp til at Stortinget skal avgjere om det skal bli ein eller to stamvegar over fjellet mellom aust og vest.

– Blir E134 vald, så vil det ha mykje å seie for Telemark, Buskerud og Hordaland som vil få ei av hovudvegane mellom aust og vest, seier Solheim.