Hopp til innhold

Flyktar til syden frå gråvær og regn

Har du ikkje bestilt sydenferie til påske, kan det vere for seint. Reisebyråa merkar stor pågang.

Sissel Gjerset, Feriesenteret Herkules

Feriesenteret på Herkules i Skien har ein jamn pågang av kundar som vil rømme frå gråvær og regn for å få litt sol og varme.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Det er ein jamn straum med kundar på Feriesenteret på Herkules kjøpesenter i Skien av folk som er lei av gråvær og regn.

Vennepara Randi og Gunnar Wahlstrøm og Bjørg Skipar og mannen har akkurat bestilt ein tur til syden.

– Nå skal vi bestille oss ein tur til varmare strok. Nå er vi lei av grått vær. Vi snakka om det i går, og nå har vi bestilt og reiser 18. mars, seier Gunnar Wahlstrøm.

Folk blir prega av lite sol og mykje gråvær.

– Det har nesten ikkje vore sol sidan før jul. Berre nokre glimt innimellom. Det er nok nå, seier Wahlstrøm.

(Artikkelen held fram under bilete)

Feriesenteret Herkules

Bjørg Skipar, Gunnar og Randi Wahlstrøm er lei gråvær og regn og drar til sol og varme.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Lei av grått og trist vær

Dagleg leiar ved Feriesenteret, Sissel Gjerstad Lid, merkar pågangen av folk som gjerne vil ha litt sol og varme.

– Folk lengtar sørover til sol og varme og det merkar vi nå. Det er veldig mange som kjem innom og vil reise på kort varsel, seier Gjerstad Lid.

Beskjeden dei får på Feriesenteret er at folk er lei regn, grått og trist vær. Nå vil dei ha litt sol og varme.

– Det går mest i Kanariøyene. Men vi har også folk som reiser til Karibia. Dei som kan ta fri to veker drar gjerne litt lenger, seier Gjerstad Lid.

Det er folk i alle aldrar som stikk innom reisebyrået for å bestille ferietur til varmare strok i desse dagar. Men det er ikkje alltid så lett å finne ferietur på kort varsel når pågangen er så stor.

– Men vi finn alltid noko, viss folk er fleksible, seier Gjerstad Lid.

Har bestemt seg tidleg

Ving, Norges største reisearrangør, fortel at dei som skal til Syden i årets påskeferie har bestemt seg tidleg. Der er snart alle påskereisene rive vekk frå hyllene.

Tonje Fossum

Tonje Fossum i Ving reisebyrå.

Foto: Ving

– Har du planer om å reise bort, men enda ikkje bestilt, er det få moglegheiter igjen, skriv markeds- og kommunikasjonsdirektør i Ving, Tonje Fossum i ei pressemelding.

I år reiser rundt 30.000 nordmenn på charterferie i påska. Vinteren har vore mørk og våt, og utan skikkeleg snøvær er det få som reknar med at snøen i fjellet blir liggande heilt til slutten av april.

Ni av ti reiser er selt

Da er det nok mange som vel å reise til varmen før den kjem hit til landet.

– Dei fleste reiser til Gran Canaria i påska, men også Kypros, Tyrkia og Tenerife er populære reisemål. Det er sjeldsynt vi har så få plassar igjen så lenge før påske.

Den skuffande vinteren har nok gjort sitt til at mange har planlagt å reise bort i påskeferien. Med liten sjanse for lange skiturer med appelsin og kvikklunsj på fjellet, freistar det kanskje med ein forsmak på sommaren i staden.

– Denne påska har vi til og med sett opp eit ekstra fly til Tyrkia, men også dette flyet har få seter igjen, seier markeds- og kommunikasjonsdirektør i Ving, Tonje Fossum.

Star Tour har fulle fly

Elisabeth Larsen-Vonstett, informasjonssjef

Informasjonssjef i Star Tour, Elisabeth Larsen-Vonstett.

Foto: Star Tour

Star Tour kan melde om fulle fly til Syden i påskeferien. Informasjonssjef i Star Tour Elisabeth Larsen-Vonstett seier det berre er ein til to seter igjen på enkelte flyavgangar.

Og dei fleste vil til Kanariøyene, og det er Cran Canaria som er den mest populære øya å dra til i påska.

– Det verkar som mange vil dra sørover i staden for å dra på fjellet i påska. Og sidan påska er sein i år reknar dei kanskje med at det blir lite snø, og då vil dei heller få ein god start på våren, seier Larsen-Vonstett til NRK.

Ho fortel at bestillingane for sommaren også er i ferd med å ta seg opp. Salet av sydenturar for sommaren har vore litt tregt, og Larsen-Vonstett trur årsaka kan vere at folk har håpa på ein god sommar.

Men no ser det ut til at folk vil sikre seg sol og sommar.

Lir av mangel på D-vitamin

Også reisebyrået Apollo merkar at folk er lei gråværet.

Helen Begby

Helen Begby i Apollo reisebyrå.

Foto: Apollo

– Ja, vi har vel inntrykk av at mange lir av D vitamin mangel, seier Helen Begby i Apollo reisebyrå.

Nå er mange som vil bestille påskeferie i siste liten. Hos Apollo er åtte av ti plassar er selt.

– Så det er i ferd med å bli fylt opp, men det er plassar igjen til Kanariøyene, seier Begby.

Men mange vil også bestille ferie til sommaren.

– Når det gjeld sommarferie så er det stor pågang og spesielt ser vi at Hellas er vinden, men også Kroatia er veldig populært i år, seier Begby.