Hopp til innhold

Død person funnen ved Nystrand

Politiet meiner det er den sakna 23-åringen som er funnen død i sjøen ved Nystrand båthavn i Porsgrunn.

Død person Nystrand

Den døde personen blei observert flytande i sjøen av folk som bur i området, og blei frakta til land med båt.

Foto: Aija Haugsbakk / NRK

Fredag morgon rykka alle naudetatar ut til området Nystrand i Porsgrunn etter melding om at ein person flyter i sjøen med ansiktet ned.

Personen skal vere observert i sjøen i området mellom Nystrand båthavn og Kattøya, meldte politiet klokka 08.52.

– Det er ein død mann som er funne i sjøen, og han er nå tatt hand om, seier operasjonsleiar Ole Kampen ved Telemark politidistrikt.

Var den sakna person

Politiet vil førebels ikkje ut med fleire opplysningar omkring den døde personen som er funne i området ved Nystrand båthavn.

– Kan det vere den 23 år gamle Robin Haugen som er meldt sakna i området?

– Vi kan ikkje utelukke det. Den døde person blei funnen i nærleiken av det området den sakna siste blei observert den 4. september, seier Kampen.

Det er politioverbetjent Skule Worpvik som har leia etterforskinga etter den sakna Robin Haugen frå Porsgrunn.

– Ut frå korleis folk har forklart korleis den døde personen ser ut, og ut frå klesdrakt så er vi rimeleg sikker på at det er den sakna Robin Haugen som er funnen, seier Worpvik.

(Saka held fram under bilete)

Død person ved Nystrand

Politiet har nå fått stadfesta at det er den sakna 23-åringen som blei funnen død i sjøen ved Nystrand båthavn.

Foto: Aija Haugsbakk / NRK

Vil bli obdusert

Han seier at dei pårørande er varsla, og har godtatt at opplysningane kjem ut i media. Worpvik seier at den døde vil bli obdusert for at identiten blir fastslått hundre prosent.

– Vi vil også sjekke ut det er nokon indikasjonar på at det er foregått noko straffbart.

Worpvik seier at det var folk som bur i området som varsla politiet. Dei hadde sett ein gjenstand som flaut i sjøen.

– Dei hadde sett på den gjennom ein kikkert og sett at det var ein person som flaut med ansiktet ned i sjøen, og meldte frå til politiet, seier Worpvik.

Les også: Har reist til Norge for å lete etter sønnen (23)