Hopp til innhold

Bondelaget skuffa over Sylvi Listhaug

Bondelagsleiaren i Telemark er skuffa og provosert over Landbruk- og matministeren sitt tilbod i jordbruksforhandlingane.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug og styreleder Aslak Snarteland, Dyrsku'n

Aslak Snarteland med Landbruk- og matminister Sylvi Listhaug på Dyrskun i Seljord i 2014.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Landbruk- og matminister Sylvi Listhaug leverte i dag statens tilbod til bondeorganisasjonane. I potten har ho lagt 90 millionar kroner, noko som er mindre enn 10 prosent av det bøndene bad om.

– Eg er mildt sagt skuff og ganske provosert, seier Aslak Snarteland, seier leiar i Telemark Bondelaget.

Har levert moderate krav

Han meiner bøndene har levert eit moderat krav til landbruk- og matministeren.

– Når Stortinget har bestemt at vi skal produsere 20 prosent meir mat dei neste tjue åra, og vi skal ta heile landet i bruk. Så skjønar ikkje eg korleis eg skal motivere nye brukarar til å satse på landbruket, når dei skal tene mindre enn det vi gjer i dag, seier Snarteland.

Han viser til at dei fleste andre reknar med å få 2,7 prosent meir i lønsoppgjeret i år.

– Og vi er jo ikkje i nærleiken av det med det tilbodet staten har kome med nå. Samstundes har landbruket hatt eit etterslep i mange år, seier Snarteland.

Ventar støtte frå KrF og Venstre

Bondelagsleiaren ventar no at støttepartia til regjeringa, KrF og Venstre, kjem kjapt på banen, fordi dei har sagt klart frå om kva dei meiner skal vektleggast i landbruksoppgjeret på førehand.

– For det visar seg at tilbodet frå staten ikkje har teke omsyn til det i heile tatt, seier Snarteland.

Han meiner bøndene totalt sett må kome på plussida i landbruksoppgjeret, for no meiner har at dei er i minus.

– Og det må vere ganske godt i pluss, seier Snarteland.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark