Hopp til innhold

Takvam: Røe Isaksen blir kunnskapsminister

Torbjørn Røe Isaksen blir ny kunnskapsminister i den nye regjeringa til Erna Solberg.

Torbjørn Røe Isaksen

Stortingsrepresentant for Høgre, Torbjørn Røe Isaksen, blir ny kunnskapsminister.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, seier at politikarkolleger i Høgre og Frp har stadfesta dette.

– Dette er ein av dei statsrådspostane som er sikkert stadfesta. Det trur eg folk i Telemark kan rekne med, seier Takvam.

Han seier at Torbjørn Røe Isaksen er ein av dei flinkaste politikarane i Høgre.

– Han vil heilt sikkert klare ein slik jobb veldig bra, seier Takvam.

Magnus Takvam

Magnus Takvam, politisk kommentator i NRK

Foto: NRK

Takvam peikar på at kunnskapsområdet var eit av Høgre sine viktige område i valkampen. Og vil bli eit av dei mest prioriterte områda, der partiet gjerne vil sette eit nytt stempel på politikken i ei ny regjering.

– Så Røe Isaksen får ei sentral rolle framover, seier Takvam.

Skjønar ikkje mediene

Påtroppande statsminister Erna Solberg vil presentere den nye regjeringa onsdag. Og det har vore mange spekulasjonar om kven som blir statsrådar i den nye borgarlege regjeringa.

Erna Solberg

Erna Solberg blir ny statminister.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Stortingsrepresentant for Høgre i Telemark, Torbjørn Røe Isaksen, har i mange medier blitt lansert som ny kunnskapsminister.

Men sjølv seier han til Telemarksendinga at han ikkje skjønar kvifor mediene er så opptekne av dette på førehand.

Politisk kommentator i NRK Magnus Takvam trur Torbjørn Røe Isaksen, skjønar kvifor journalistar er opptekne av å få vite kven som blir dei nye statsrådane i ei ny borgarleg regjering.

– Han har jo sjølv vore journalist i ein periode, seier Takvam.

Barnsleg sport i mediene

Han meiner interessa for dette har auka frå år til år, og særleg etter at avisene også har fått nye digitale plattformer.

– Så med ein gong eit medie får stadfesta namnet på ein ny statsråd, så blir dette publisert med ein gong, seier Takvam.

Tidlegare var det slik at journalistar i NRK jobba og sleit natta før ei ny regjering blei offentleggjort for å kunne publisere det om morgonen. Og det same gjorde avisene.

– Nå blir dette publisert frå minutt til minutt, seier Takvam.

Takvam seier dette kanskje er ein litt barnsleg sport mediene i mellom å vere først med å få stadfesta nye statsrådar.

– Det er politikarar i Høgre og Frp som stadfestar namnet på nye statsrådar for mediene. Det er ikkje tatt ut av lause lufta, seier Takvam.