Hopp til innhold

Best å være mor i Norge

I dag er det den internasjonale dagen for jordmødrer. Samtidig blir Noreg i ein ny rapport kåra til verdas beste land for mødrer.

Best å være mor i Norge

Øyvind Solaas og Stine Thorbjørnsen går inn i ein ny fase i livet som mor og far.

Nybakt mor Stine Thorbjørnsen er heilt einig, og meiner norske kvinner er heldige.

Denne vesle prinsen mor Stine og pappa Øyvind er berre ein dag gammal. Som mor og far går dei inn i ein ny fase i livet.

Øyvind Solaas og Stine Thorbjørnsen

Øyvind Solaas og Stine Thorbjørnsen med den vesle prinsen.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Har grunn til å vere fornøgde

Nyheita om at Redd Barna har kåra Noreg til det aller beste landet å vere mamma i – kjem ikkje som noko overrasking. Stine meiner ho er heldig.

– Vi har lang barselstid og eit støtteapparat med helsepersonell. Og vi får dele tida saman med far.

Men, i Noreg er det ikkje berre mødrene som har det bra. Pappa Øyvind Solaas meiner at også fedrane har grunn til å vere fornøgde.

– Det trur eg blir fint. Eg gler med veldig.

Jordmødrene er viktige

Karin Yderberg, jordmor sjukehuset telemark

Karin Yderberg, jordmor Sjukehuset Telemark.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Med kake markerer dei den internasjonale jordmordagen. På Sjukehuset Telemark er jordmødrene opptatt av at mammaene og barna får ein best mogleg start.

Dei er med på å bidra til at Noreg er verdas beste mammaland.

– Vi har ei utruleg viktig rolle. For vi kan førebu mødrene alt i svangerskapet på tilknyting, fødsel og det å bli mor. Og gje dei ei god førebuing på det som skal kome, seier jordmor Karin Yderberg.

Les også: Wenche fra Surnadal er årets jordmor

Barn lever under andre forhold

Tilbake hos den vesle familien setjast livet i perspektiv. Tankane går til andre som får barn under heilt andre forhold i verda.

Afrikanske land som Mali, Kongo og Somalia er på botnen av Redd Barnas liste over tilstanden for verdas mødrer.

– Det er heilt klart noko anna. Utan alt det vi har i Noreg, med barn generelt, og vidare når dei skal vekse opp. Ikkje berre når dei er små, seier Stine Torbjørnsen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark