Hopp til innhold

"Hvis klær kunne fortelle"

Tusenvis av barn rundt om i landet er redde i sin eigen heim. Redde for å bli banka opp og mishandla av eigne foreldre eller nær slekt. – Hvis klær kunne fortelle- heiter ei utstilling som opnet på Galleri Sol Nodeland i Kristiansand torsdag 12. januar.

Video f09d7953-263c-4fd6-a6c6-a7f108cca8a8.jpg

– For barn skal heimen være den tryggaste stad på jord, seier Øivind Aschjem.

Det er ei nærgående skildring av kva det vil sei å leva med vald. Fokuset er kva det gjer med små barn å anten vera offer for eller vitne til grov vald eller overgrep utøvd av dei næraste.

– For barn skal heimen være den tryggaste stad på jord, der blir grunnsteinenlagt for eit lite menneske. For mange barn i Noreg skjer akkurat det motsette, seier Øivind Aschjem som har jobba med å få til utstillinga i nærare to år.

Det blei vanskelegare enn han trudde å få tak i foreldre eller pårørande som orka å gje frå seg eit lite klesplagg som deires valdsutsette barn har hatt. Andre har gjeve frå seg klesplagg med glede fordi dei meiner dette er viktig å få fokus på.

No har me 18 klesplagg, sko og ting som alle har sote på eller vore eigd av valdsutsette ungar. Det yngste barnet var to månader, det eldste åtte år.

Artikkelen held fram under biletet.

Utstilling med barneklær

Det yngste barnet var to månader, det eldste åtte år.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Hettegenseren til Kristoffer

Hettegenseren til Christoffer Kihle Gjerstad er det einaste plagget der barnet blir identifisert fordi både saka og namnet til barnet er kjent frå før. Mormora til Christoffer har gjeve genseren til bruk i utstillinga, og Christoffers biologiske far har også sagt ja til at hettegenseren kan brukast.

Eit par små sko som er på utstillinga har tilhøyrt ein liten gut som stod ved sidan av far sin då pappa dytta mamma ned trappa. Guten på eit og eit halvt år blei hjelpelaust vitne til det faren gjorde mot mora.

– Sjølv om barnet ikkje kan fortelje og setje ord på slike opplevingar, brenner det seg fast i barnesinnet seier Aschjem.

Artikkelen held fram under biletet.

Klær fra barn

– Eg vil bringe overgrep og vald så nær det let seg gjere utan å vere direkte vitne, seier Aschjem.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Vil bringe oss nærare

Vandreutstillinga, som startar i Kristiansand, kombinerer klesplagg, sko og ting med sterke tekster som anten er sitat eller forteljing som formidlar det klærne kanskje ville sagt hvis dei kunne snakke. Så vidt Aschjem veit er det aldri laga ei liknande utstilling nokon gong. På spørsmålet om kvifor han lagar utstillinga seier Aschjem:

– Eg vil bringe overgrep og vald så nær det let seg gjere utan å vere direkte vitne. Eg trur vi er nødt til å nærme oss krenkingar mot barn på måtar som berører oss.

"Du må ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer dig selv", skriv Arnulf Øverland. Øivind Aschjem relaterer det blandt anna til vald og overgrep mot barn.

Han vil, gjennom utstillinga, prøve å vekkje folk, få oss alle til å sjå, til å vera modigare når det gjeld å ta barn i forsvar. Av den grunn blir utstillinga å sjå både på tradisjonelle galleri, men også på varehus og andre stader der mange folk vankar.