Talsmann for Miljøpartiet De Grønne, Ron Bruinvis, fryktar miljøministeren alt har bestemt seg for å legge deponiet for farleg avfall til Norcem sine gruver i Brevik.
– Etter uttalene til Klima og miljøminister Tine Sundtoft fekk vi det inntrykket, seier Bruinvis.
Bakgrunn: Avfallsdeponi Brevik
Importere avfall frå Europa
Miljøpartiet stolar ikkje heilt på at statsråden, og trur det kan gå veldig fort før ho bestemmer seg for kvar i Noreg eit nytt deponi for farleg avfall skal ligge.
– Eg er veldig skeptisk til om miljøministeren kjem til å greie ut fleire alternativ for deponering av farleg avfall frå industrien, seier Bruinvis.
Han har ein mistanke om at Brevik vil bli vald fordi ein då kan importere avfall frå resten av Europa.
– Det ligg veldig godt til rette med ei hamn. Men vi veit at staden er ueigna og då vil vi gjerne ha det stadfesta, og då vil vi gjerne vite om andre stader er godt greidd ut, seier Bruinvis.
Les også:
Vil ha nasjonal plan
Miljøpartiet vil også vite om Klima og miljøministeren vil sette i gang ein nasjonal plan for å handtere det farlege avfallet.
– For det må vere hovudmålet.
Bruinvis seier at Miljøpartiet har fått vite at området i Brevik er potensielt utsett for jordskjelv, og at det alt i dag er sprekkar der vatnet kan kome inn i kalksteingruvene.
– Og det er dessutan for tett opp til der det bur folk, seier Bruinvis.