Hopp til innhold

Vierli kan bli årets snowboardanlegg

Vierli skisenter kan bli kåra til årets snowboardanlegg av snowboardforbundet.

Vierli terrengpark

Terrengparken ved Vierli skisenter er med i konkurransen om bli årets snowboardanlegg.

Foto: Helge Jenssen

Vierli kjempar mot Trysil, Hemsedal og Geilo om å vinne den gjeve prisen. Eigar av Vierli terrengpark og Vierli turistsenter, Kristin Larsen, er glad for å vere nominert til prisen.

– Det er veldig moro å få vere med i denne konkurransen her, seier Larsen.

Kristin Larsen, Vierli turistsenter

Kristin Larsen, Vierli turistsenter.

Foto: Vierli turistsenter

Ho fortel vidare at det ville vore stort å vinne, for Vierli konkurrerer mot tre av dei største skidestinasjonane i Norge.

– Det er utruleg kult at Vierli på toppen av Telemark kan vere med i denne konkurransen.

Les også:

Tar brukarane på alvor

– De har faktisk vunne denne prisen før. Kva gjer at terrengparken dykkar blir sett på som ein av dei beste i landet?

– Eg trur det er mange ting. Blant anna at vi har satsa veldig dedikert på parkmiljøet, og tek brukarane av parken seriøst, og lyttar på dei, seier Larsen.

Ho trur også det har mykje å seie at Vierli har ein rask heis som gjer at brukarane kan køyre mange gonger i anlegget, og få trent masse.

– Og sjølvsagt at vi har fantastiske folk som står på dag og natt for å gjere parken så bra som den er i dag, seier Larsen.

Kom tidlegare i gang i år

– Terrengparken blei bygt opp for nokre år sidan. Og i år er snøproduksjonsanlegget utvida, kva betyr det for brukarane?

– Det er eit kjempeløft vi har gjort for dei som brukar anlegget. Det betyr at vi kan produsere snø på begge sider av heisen, og kome tidlegare i gang med å lage snø, seier Larsen.

– Har de nokre nye spennande planer?

Jonas T. og Sindre H.

Terrengparken i Vierli kan bli kåra til årets snowboardanlegg.

Foto: T.C. Øye

– Det har vi, men eg kan ikkje røpe alt no. Vi er veldig glade for å kome i gang så pass tidleg, så helga den 6. desember blir det eit snowboard arrangement. Og så blir det fleire arrangement utover i sesongen, seier Larsen.

Kan heldt fram stemme på Vierli

– De kjemper mot Trysil, Hemsedal og Geilo, som er store og kjente namn i vinter-Norge. Kor kjent er Vierli for resten av landet?

– Innanfor snowboard og twintip miljøet har Vierli høg status, både på grunn av terrengparken og skatehotellet vårt Camp Vierli, så eg trur Vierli er godt kjent innanfor skimiljøet. Vi har bygt opp ein god profil der, både med tanke på langrennsløyper og hytter som ligg fint til i terrenget.

– Nå går det an å stemme på dykk? Det ser ut som de ligg veldig godt an.

– Det ser veldig lovande ut. Og det er ei ære at det er så mange som meiner at vi har eit så bra produkt, så det er vi stolte av. Men vi oppmodar sjølvsagt alle til å gå inn å stemme slik at vi kan klatre endå høgare opp på lista, seier Larsen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark