Hopp til innhold

Adminiet på Rjukan blir hotell

Adminiet på Rjukan blir hotell. Den ærverdige bygningen blir endeleg opna for folk flest.

Adminiet på Rjukan

Den raude løparen er rulla ut for dei første gjestene til Adminiet på Rjukan. No blir det hotell og konferansar i det flotte bygget som er ein viktig del av historia til Hydro på Rjukan.

Foto: Ine Edvardsen

Skal du på tur til Rjukan i sommar, kan du overnatte i eit av dei mest fasjonable bygga i byen. Adminiet, som har vore eigd av Hydro heilt sidan 1908, blir nå omgjort til hotell.

Adminiet blei bygt som representasjonsbustad for Norsk Hydro, men blei også brukt som kontor av Sam Eyde når han var på Rjukan.

Dagleg leiar for hotellet er Ine Edvardsen. Ho fortel at familien er frå Rjukan, og ho har vore der mykje i barndomen. No har familien hytte på Gaustablikk.

Edvardsen fortel at dei første gjestene kjem til Adminiet alt torsdag kveld.

– Eg er utruleg spent. No har det vore hektiske dagar med å få alt klart. Men eg gler meg veldig å opne.

Les også: Anbefaler at Rjukan og Notodden får verdensarvstatus

Vil tilby hotell og selskapslokale

Datoen for den offisielle opninga for hotellet er ikkje fastsett enno, men det kjem til å bli i løpet av sommaren.

– Vi opnar dørene på laurdag, slik at folk kan kome til Adminiet for å sjå. Men eg veit ikkje akkurat når hotelldrifta startar, seier Edvardsen.

Det blir hotelldrift i Adminiet på Rjukan som har 15 rom med overnatting og frukost.

– I tillegg kjem vi til å tilby selskapslokale med servering, for til dømes bryllaup, konfirmasjonar, jubileum og andre samkomer, seier Edvardsen.

Det vil også kunne arrangerast kurs og konferansar i Adminiet.

Les også: Stor oppgåve å sette i stand Tinnosbanen

Trur turistane finn vegen til Rjukan

Ine Edvardsen er optimistisk for at hotelldrifta i Adminiet på Rjukan skal gå bra, blant anna med tanke på at Rjukan kan kome på verdsarvlista som industristad, og filmen om tungtvassaksjon.

– Så er eg ganske sikker på at turistane vil finne fram til Rjukan, og då kan dei få overnatte i det gamle Adminiet til Norsk Hydro. Her kan dei få oppleve ein heilt unik atmosfære og ein viktig del av Norgeshistoria. Det har også budd mange kongelege gjester her, seier Edvardsen.

Adminiet på Rjukan er teikna av Thorvald Astrup og er utpeikt som ein dei vakraste trebygningane i jugendstil i Noreg.

Les også: – Vi er klare for verdensarven!

Adminiet på Rjukan

Det er eit staseleg bygg, Adminiet på Rjukan, som blei bygt for å ta i mot viktige gjester og som no blir hotell med tilbod for turistar og innbyggarane i kommunen.

Foto: Ine Edvardsen

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark