Hopp til innhold

– Dårleg ide å kombinere pengespel og øl

Ingjerd Meen Lorvik ved Borgestadklinikken meiner Skien kommune ikkje bør gje skjenkeløyve til Tippekioskar.

Ingjerd Meen Lorvik

– Det er lite gjennomtenkt å tillate ein pub vegg i vegg med ein tippekiosk på Skagerak Arena, seier Ingjerd Meen Lorvik.

Foto: Kristin Rivrud / NRK

Meen Lorvik seier det er ein dårleg ide å kombinere pengespel med servering av alkohol.

– Det er lite gjennomtenkt å tillate ein pub vegg i vegg med ein tippekiosk på Skagerak Arena, seier Lorvik.

Sjølv om dette blir gjort mange stader rundt om i Europa, viser Lorvik til at forsking syner at alkohol fører til at folk spelar for meir enn dei han tenkt i utgangspunktet.

– Det blir spela meir risikofylt og det blir tatt større sjansar i spelet, seier Lorvik.

Ho meiner difor at dette er problematisk både for vanlege spelarar og meir profesjonelle.

Vil ikkje selje over same disk

Tommy Svindal Larsen

Tommy Svindal Larsen vil ha tre avskilte avdelingar.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

I førre veke kunne vi lese i Varden at tidlegare Odd-spelar Tommy Svindal Larsen har søkt om skjenkeløyve til kiosken han driv ved Skagerak Arena.

Tommy Svindal Larsen har sagt at han ikkje har noko lyst eller tid til å debattere denne saka i Telemarksendinga tysdag.

Men han har også presisert at det han ønskjer er å ha tre avdelingar, ein pub, ein kiosk og ein stad med matservering.

Han vil altså ikkje selje oddskupongar og øl over same disk.

Vil vere motstemme

Men det endrar ikkje standpunktet til Ingjerd Meen Lorvik ved Borgstadklinikken.

– Alkoholserveringa og salet av spelekupongar er likevel så nære kvarandre at det blir problematisk, seier Lorvik.

– Men folk har jo desse speleselskapa på mobiltelefonen, og kan sitte å drikke øl og trykke på mobilen?

Ingjerd Meen Lorvik, klinikksjef for Borgestadklinikken.

Ingjerd Meen Lorvik går mot skjenkeløyve til tippekioskar.

Foto: Lene Granli / NRK

– Det er ei oppblomstring av speletilbod både frå Norsk Tipping og frå nettselskapa. Difor er det viktig at det kjem ei stemme som talar imot, seier Lorvik.

Tar kampen mot speleselskapa

Ingjerd Meen Lorvik arbeider i det daglege ved Borgestadklinikken, og seier at mange av dei speleavhengige som får hjelp der er fortvila over dei nye speletilboda som kjem.

– For fem år sidan spurte Blåkors om folk ville ha fleire pengespel, og det ville dei ikkje, seier Lorvik.

– Er det ikkje viktigare å ta kampen mot dei utanlandske speleselskapa?

– Vi tar kampen mot dei som tilbyr spel, både utanlandske og Norsk Tipping, seier Lorvik.

Ho er med ei foreining som jamleg har dialog med Norsk Tipping.

Ingjerd Meen Lorvik meiner Skien kommune ikkje bør gje skjenkeløyve til Tippekioskar.