Hopp til innhold

– Sjukehuset Telemark må vente

Telemark Venstre meiner styret i Sjukehuset Telemark må vente på nasjonal helseplan.

Torgeir Fossli

Attvalt leiar i Telemark Venstre, Torgeir Fossli meiner styret i Sjukehuset Telemark må vente på nasjonal helseplan.

Foto: Else Jorunn Saga / NRK

Årsmøte i Telemark Venstre ber styret i Sjukehuset Telemark vente med å legge ned sjukehustilbod til den nasjonale sjukehusplanen er vedtatt i Stortinget.

Venstre peikar på at det vilkrevjee store investeringar i Skien om deiføreslåddee endringane skal bli gjennomført.

Attvalt leiar i Telemark Venstre, Torgeir Fossli, seier at Venstre vilhalde oppee tilbod alle stader der det er sjukehus i dag.

– Vi meiner det skal vere eit tilbode ved alle stadene. Seljord, Rjukan, Notodden, Skien, Porsgrunn og Kragerø.

For tidleg å gjere endringar

Torgeir Fossli

Torgeir Fossli frå Notodden blei Attvalt som leiar i Telemark Venstre.

Foto: Else Jorunn Saga / NRK

Fossli seier at også Venstre vil vente på helsemeldinga, og vil ikkjeforskotteree kva partiet meiner skal vere avinnhaldd i det helsetilbodet som blir gitt desse stadene.

– Vi er uroa for at det blir gjort vedtak i sjukehusstrukturen i Telemark før helseministeren legg fram sjukehusmeldinga i 2015, seier Fossli.

Han meiner denne meldinga vil fortelje litt om innhaldet, og definisjonen av kva som er sjukehus. Og Venstre ønskjer at Sjukehuset Telemark skal bygge på nasjonale føringar.

– Når dei føringane kjem i 2015, så synest vi det er litt tidleg at Telemark gjer endringar alt nå, seier Fossli.

Han meiner det blir feil å gjere så store endringar, før styret veit kva som blir innhaldet i sjukehusmeldinga.